-Eg er veldig glad for at heile fylketingets komite for kultur, næring og helse i dag samrøystes støtta Venstres forslag om at ”Aust-Agder fylkesting ber Stortinget om å sørge for fullfinansiering av Mechatronics Innovation Lab (MIL) i statsbudsjettet for 2017”, seier Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad. Venstre har arbeidd hardt for å få denne viktige satsinga på nyskaping inn på statsbudsjettet og har lyktest to gonger saman med Kristeleg Folkeparti å forhandle på plass støtte i Stortinget. Men heller ikkje i haust har regjeringa foreslått den fullfinanseringa Venstre har bedt om. Derfor er det særleg viktig at alle parti i fylkestinga både i Aust-Agder og Vest-Agder, begge etter forslag frå Venstre, har vedtatt å legge press på sine partigrupper.
Fylkestingskomiteen er også samrøystes om å foreslå å løyve inntil 2 millionar kroner i 2016, og Venstre er særleg glad for at det står at ”Bevilgningen skal bidra til nødvendig omstillingsarbeid og ”Det grønne skiftet”. Også i Vest-Agder er det vedtatt å løyve 2 millionar kroner.