Velkomen til valkampsamling i oktober

Foto: Sfj Venstre

Laurdag 22. og søndag 23. oktober inviterer vi til valkampsamling LPN på Thon Hotel Jølster . Det er i underkant av eitt år til valet, og vi inviterer til første valkampsamling i Sogn og Fjordane Venstre. Kom og bli inspirert, møt våre toppkandidatar til valet og gje dine innspel i arbeidet med nytt stortingsvalprogram for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Vi skal mellom anna sjå på Venstre sine moglegheiter og status eitt år før valet. Kva skal til for å vinne valet og få inn eit mandat frå Sogn og Fjordane, og kva regjeringsalternativ vil vi ha?

 

Påmelding: Sendast til fylkessekretær i Sogn og Fjordane Venstre, Linda Ness Rotihaug [email protected] i innan 10. oktober.

Oppgje namn og lokallag, om du deltek både laurdag og søndag, om du treng overnatting i dobbeltrom eller enkeltrom.

> Kvar deltakar betalar kr 750,- uavhengig av hotellovernatting.

VELKOMMEN TIL TO LÆRERIKE DAGER PÅ SKEI I JØLSTER!

 

Program:

Laurdag 22.oktober

11:00 Velkomen v/fylkesleiar Gunhild Berge Stang

11:15 Politisk rekneskap 2013-2016 v/stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

12:00 Debatt: Kva regjeringsalternativ vil vi ha?

13:15 Kandidatpresentasjon: Sogn og Fjordane Venstre sin veg mot valet
1. kandidat Sveinung Rotevatn
2. kandidat Gunhild Berge Stang
3. kandidat Anne-Mette Hjelle

14:00 Lunsj

15:00 Korleis skal Venstre vinne valet på Vestlandet
v/valkamprådgjevar Frode Fjeldstad

16:00 Pause, med litt godt å bite i

16:15 Direkte veljarkontakt: Innleiing v/Frode Fjeldstad
Praktisk øving i grupper

17:15 Oppsummering i plenum.

17:30 Det gode dømet: Eid Venstre om lokal valkamp

18:00 Møteslutt, dag 1

19:00 Middag og sosialt

Sundag 23. oktober

10:00 Planlegging av lokal valkamp v/Frode Fjeldstad

11:00 Regionvis gruppearbeid:
– Erfaringar og gode dømer frå tidlegare valkampar
– Forventningar til fylkesstyret, valkamputval og stortingsrepresentant
– Lokale målsettingar
– Politiske saker/utfordringar og moglegheiter

 

12:00 Oppsummering i plenum

12:30 Lunsj

13:15 Stortingsvalprogram
Kort presentasjon av førsteutkast
Diskusjon/innspel frå Sogn og Fjordane Venstre

14:00 Fylkessekretær Linda Ness Rotihaug har ordet

14:15 Slutt. Vel heim

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**