Syner til tidlegare grunngjevne spørsmål stilt i kommunestyret 18.
september 2014 (Kristian Stråmyr, V) og 26. mai 2016 (Edvin Bjørn
Marthinussen, FrP) vedkomande saka.
Ordførar Vebjørn Krogsæter gav uttrykk for i sitt svar til
representanten Marthinussen at saka vil bli handsama når
prosjektgrunnlaget ligg føre. Sett i lys av kommunestyret sitt
samrøystes vedtak 22. juni i år om å ta ny idretts- og kulturhall ved
Søvik skule inn i økonomiplanen, med 2 millionar for 2017 og 10
millionar for 2018, burde kommunen likevel inngå eit samarbeid med
initiativtakarane for å få dette på plass.
Vil ordføraren at kommunen skal ta ei aktiv rolle i denne viktige saka
slik vi får den opp til handsaming innan utgangen av året?
Forslag til vedtak:
1. Kommunestyret vil nedsette eit utval med medlemmer frå Haram kommune, Norborg il og næringslivet for å utarbeide prosjektgrunnlaget for ny idretts- og kulturhall i Søvik.
2. Det vert løyvd inntil 150.000 kr til utarbeiding av prosjektgrunnlag
med dekning i investeringsbudsjettet.
3. Saka skal opp til handsaming i kommunestyret innan utgangen av 2016.
Kristian Stråmyr, Haram Venstre