Grunngjeve spørsmål om oppfølging av driveplikta i jordbruket

I tillegg til dyrehald, vil , Foto: Haakon Sundbø (CC BY 2.0), https://flic.kr/p/a9Xra9

Jordlova blei endra i 2008 slik at det er driveplikt på all dyrka jord. For at driveplikta skal oppfyllast må anten eigaren drive sjølv, eller leige vekk jorda til andre i ein periode på ti år.

Haram Venstre stilte difor eit munnleg spørsmål til ordføraren i kommunestyremøtet 26. mai om oppfølging av driveplikta i kommunen. Ordførar Vebjørn Krogsæter sa han ville ta initiativ til å undersøke om kommunen kan sende ut brev til driveverdige bruk utan eiga drift (slik som i Misund), men at han ville først sjå det i samanheng med planen over prioriterte jordbruksområder.

Samstundes har Luster kommune i Sogn og Fjordane bestemt seg for å gå systematisk til verks for å sjå om eigarar overheld driveplikta. Alle som eig landbrukseigedom over fem dekar og som ikkje søker om produksjonstilskot vil få brev frå kommunen med spørsmål om korleis driveplikta oppfyllast.

Meiner ordføraren at praksisen i Luster kan overførast til Haram som òg er ei relativt stor jordbrukskommune, og kva vil han gjere for å følge opp driveplikta i kommunen?

 

Kristian Stråmyr, Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**