Sykkelhotell ved togstasjonen?

I kommunestyremøtet i går hadde Venstre sin representant, Bjarte Solheim, spørsmål til ordføraren om etablering av eit sykkelhotell ved Bryne stasjon. – Me trur at eit såkalla sykkelhotell kan vere eit godt tilbod som kan få fleire til å velje sykkel og tog framfor bil, sa Solheim.

Spørsmålet til ordføraren kan du lese under:

SPØRSMÅL TIL ORDFØRAREN – SYKKELHOTELL
For å gjere det mogleg å ta grøne val i kvardagen, må det finnast reelle alternativ til bilen. Time Venstre vil støtte alle tiltak som fører til auka bruk av kollektivtrafikk og at ein vel sykkelen framfor privatbilen. Me trur at eit såkalla sykkelhotell kan vere eit godt tilbod som kan få fleire til å velje sykkel og tog framfor bil.
Sykkelbruk er vidare viktig for å å stimulere aktivitetsnivået til innbyggjarane i kommunen. I Kommunedelplan for fysisk aktivitet som no er ute på høyring, står det til dømes at « (…) ei kollektivreise som oftast skjer i kombinasjon med (…) sykling», og at «det bidreg til fysisk aktivitet» (s.14). Me synest difor at det skulle vore sikra trygg og tørr sykkelparkering i tilknyting til Bryne stasjon, og at me som kommune må gjere noko. Mange ønskjer å reise miljøvennleg til stasjonen, men er urolege for at syklane kan bli ramponerte eller stolne.

I dag har fleire togstasjonar fått eigne sykkelhotell kor syklane kan stå trygt i tillegg til vanlige sykkelstativ. Desse sykkelhotella er finansiert og drifta av kommunane i samarbeid med Jernbaneverket. Eit døme på dette er sykkelhotellet i Moss som blei opna i 2014. Sjå her for meir info: http://www.jernbaneverket.no/Nyheter/Nyhetsarkiv/2014/Nytt-sykkelhotell-i-Moss-apnet-11-august/

Time Venstre vil gjere det lettare å leve miljøvennleg, og då er Jærbanen og god tilrettelegging for sykkel heilt sentrale verkemiddel. Helsefremjande vil det òg vere!
Time Venstre sitt spørsmål til ordføraren er:

1. Kva vil ordføraren, på vegne av Time kommune, gjere for at me kan få eit liknande sykkelhotell i tilknyting til Bryne stasjon?
Mvh

Bjarte Solheim
Time Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**