Medlemsmøte; val av utsendingar til nominasjonsmøtet og LPN 16.-17. september

No er det vel 1 år att til stortingsvalet, og i den anledning arrangerer Hordaland Venstre nominasjonsmøte fredag 16. september på Grand Hotell Terminus i Bergen (17.00-20.00) og lokalpolitisk nettverksamling laurdag 17. september på Bergen Rådhus (09.30-16.15). Vi må velgje kandidatar til å representere Kvinnherad på nominasjonsmøtet, medan LPN er ope for alle 🙂

Vi kallar difor inn til medlemsmøte fyrstkomande måndag 12. september kl.19.00 for å diskutere kven som reiser, og kven vi ynskjer å nominere. Vi kan sende 2 kandidatar. Ingrid Handeland, som skal vere ordstyrar, ønskjer den eine plassen.
Lista over nominerte er som følgjer;

  1. Terje Breivik, Ulvik
  2. Idun K. Bortne, Bergen – Dissens: Sondre Hansmark Persen
  3. Sondre Hansmark Persen, Bergen/Askøy – Dissens: Idun Bortne
  4. Anne-Beth Njærheim, Bømlo
  5. Elizabeth Toft Erichsen, Sund
  6. Rolf Nesheim, Lindås
  7. Jon Sivert S. Rykkel, Os
  8. Agnes Hoshovde Bernes, Radøy
  9. Anders Waage Nilsen, Bergen
  10. Ingrid Nergaard Fjeldstad, Bergen
  11. Geir Angeltveit, Stord
  12. Jorunn Ytrefjord, Voss
  13. Arild Heggland, Fusa
  14. Synnøve Handeland, Kvinnherad
  15. Anne Marit Buer, Odda
  16. Per-Arne Larsen, Bergen
  17. Beate Eknes, Meland
  18. Brith Ediassen, Fjell
  19. Petter Sexe Ulriksen, Ullensvang
  20. Harald Queseth, Bergen
  21. Mona Haugland Hellesnes, Ulvik
  22. Gunn-Vivian Eide, Bergen
Program for nominasjonsmøtet finn de her; https://www.venstre.no/aktivitet/nominasjonsmote-16/
Det vert og høve til å diskutere forslaget til Stortingsprogram 2017-2021 som kom ut i førre veke.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**