Venstres miljøpris til Lefdal Mine Datacenter

Sveinung Rotevatn, Driftssjef Rolf Kristiansen i Lefdal Mine Datacenter og fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang , Foto: Sfj Venstre

Lefdal Mine Datacenter er tildelt Sogn og Fjordane Fjordane Venstre sin miljøpris for 2016.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

– Lefdal Mine Datacenter er eit framståande døme på framtidas grøne, kraftkrevjande industri i Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang. Stang overrekte prisen til Lefdal Mine saman med Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

 

Lefdal Mine Datacenter, ei gründerbedrift frå Måløy, vil bli Europas grønaste og eit av Europas største datasenter når det står ferdig seinare i år. Driftssjef Rolf Kristiansen kunne ved pris-overrekkinga fortelje at utbygginga av Fase 1 av senteret blir nær dobbelt så stort som det som opprinneleg var tenkt: Kapasiteten blir no auka frå 25 til 45 MW.

 

Utbygginga er mulig takka vere eit samarbeid mellom lokale gründarar, regionale aktørar som SFE og sparebankane på Vestlandet og store internasjonale aktørar som amerikanske IBM og tyske Rittal.

 

– Lefdal Mine Datacenter vil erstatte store mengder klima-fiendtleg datalagring fyrt med kolkraft med lagring der energien kjem frå rein norsk kraft. Dette syner korleis det grøne skiftet skaper vekst og nye arbeidsplassar også i Noreg, seier Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

 

– Venstre har lenge arbeidd for å sikre gode rammevilkår for datalagring i Noreg og anna ny, grøn industri. Det er fantastisk å sjå dei resultata Lefdal Mine Datcenter allereie har oppnådd, og bedrifta er ein verdig vinnar av Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Bilete er frå utdelinga av prisen. Frå venstre Sveinung Rotevatn, Driftssjef Rolf Kristiansen i Lefdal Mine Datacenter og fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Kontaktinfo: Gunhild Berge Stang, mobiltlf 976 53 785.

Sveinung Rotevatn, mobiltlf 951 46 487.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**