Nominasjonsmøte 31. august i Førde

Sfj Venstre

Sogn og Fjordane Venstre vil med dette kalle inn til nominasjonsmøte onsdag 31. august 2016 kl. 18.00 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. Registrering og innlevering av fullmakter frå kl. 17.30.

De har rett på like mange utsendingar til nominasjonsmøtet som til fylkesårsmøtet i 2016, og medlemstala pr. 31.12.15 som er gjeldande for utrekning av tal utsendingar. Lokallaga må halde medlemsmøte der utsendingar vert valt.

 

Nominasjonsmøtet er eit ope møte, og observatørar er også hjarteleg velkommen.

 

Påmelding innan 20. august sendast til fylkessekretæren med namn og e-postadresser på delegatane og evt observatørar.

 

- Det er på tide at dyrevelferden prioriteres høyere i norsk landbruk, sier Sveinung Rotevatn.

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Venstre har nominert Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn på topp til Stortingsvalet 2017. Gunnhild Berge Stang, vara til Stortinget i dag, og ordførar i Fjaler/fylkesutvalsmedlem, er nominert på 2.plass.

 

Heile lista ser slik ut:

 

  1. Sveinung Rotevatn, Eid
  2. Gunnhild Berge Stang, Fjaler
  3. Anne-Mette Hjelle, Førde
  4. Daniel Gangeskar, Vågsøy
  5. Trude Risnes, Leikanger
  6. Jan Henrik Nygård, Flora
  7. Kurt Jevnaker, Årdal
  8. Thea Vie, Førde
  9. Alfred Bjørlo, Eid
  10. Marit Gjerstad, Flora

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**