Budsjettkutt i Kultur og Fritid – er det framtidsretta?

Sara Sægrov Ruud

Hans Olav Omnes I siste kommunestyremøte før sommeren, opplevde eg at ordføraren kom med ei ny argumentasjonsrekke for kvifor Kultur og Fritid i Valle er modne for budsjettkutt. Ordføraren henviste til Årsemeldinga for 2015 som var til behandling i dette møtet. Årsmeldinga syner eit underforbruk på i underkant av ein halv million kroner sammenlikna med budsjett, og dette brukte ordføraren som berande poeng i hans argumentasjon for kvifor Kultur og Fritid er modne for kutt.

Det ordføraren unnlot å informere om, eller belyse, er neste avsnitt i årsmeldinga, der årsaken til underforbruket er forklart. Her står det at underforbruket, i all hovudsak, skuldast eit underforbruk på Kulturskulen. Kulturskulen har berre brukt 70% av budsjettet, noko som hovudsakeleg skuldast at den einaste 100% fast tilsette læraren har hatt fødselspermisjon!

Kva slags signaler sender ordføraren då ut? At dersom ein offentleg tilsett velger å få ungar, må ho reikne med at stillinga vert redusert? Eller fjerna? Er dette eit signal Valle Kommune bør sende ut?

Avdeling Kultur og Fritid i Valle Kommune har ansvarsområde som omfatter kulturarbeid, Konsertar og teater, Valle ungdomsklubb, Idrett og ungdomsarbeid, Symjehall og badevakt samt ikkje minst Kulturskulen. Avdelinga er særs viktig for barn og ungdom i Valle. Vår viktigaste ressurs! Framtida vår! Arbeidet som vert gjort i Kultur og Fritid må ikkje undervurderast. Her vert det lagt til rette for arenaer som kan sikre at barn og unge i Valle kommune har sunne og gode alternativer. Arenaer der gode vaksne kan utgjere eit sikkerhetsnett for born og unge som har det vanskeleg. Som kan gjere at oppveksten i Valle vert så god at dei velgjer å bli her. Eller kome attende etter nokre år ute i verden. Og det er jo dette me vil! Me treng barn og unge, og me treng innflyttarar og heimflyttarar!

Det mest paradoksale er kanskje at nettopp ein fødselspermisjon danner grunnlaget for kuttet. I alle fall ifølge den seinaste argumentasjonen frå ordføraren…

Her meiner eg at me må snu. Me må tenkje anleis. Me må tenkje på framtida! Me treng ungar! Og ungdom! Og folk som vil noko. Som ynskjer å prøve. Som kjenner at der er miljø og stemning for å prøve. Å skape noko! Skape ny næring, ny aktivitet, nye arbeidsplassar! Og nye ungar! I staden for å leite etter grunnar for å bruke mindre pengar på dette, meiner eg at me heller må bruke meir!

I Noreg i dag er det mange område som opplever nedgang. Arbeidsplassar forsvinn i oljerelaterte bransjar, det grøne skiftet er på gang. Her må me ta ein tydeleg posisjon! Kom til Setesdal! Her er det mange ledige, og billige, eigedomar. Her kan du skape din eigen arbeidsplass. Me har nok av ressurser i kraft, landbruk, skogbruk, reiseliv, matproduksjon, kultur, tradisjon. Grundarar som kan nytte seg av dette for å skape nye næringar er velkomne! Dette må me få ut! Og me må fylgje det opp! I dette arbeidet er det særs viktig at me har gode tilbud for barn og unge. Det er det fyrste ein familie ser etter når dei vurderer ein ny stad å bu. Og då må me vere særs varsomme med kva slags signaler me sender ut…

No er det vedteke eit tilleggskutt på 415.000 i budsjettet til Kultur og Fritid. Totalt kutt her vil då bli ca. 600.000! Grunnlaget for kuttet og prioriteringane rundt dette har vore synleg både i avisa og i kommunestyre. Eg har forståelse for at kutt-prosessar alltid er vanskelege og at dei handlar om prioriteringar, men eg forventer at eit slikt kutt, med så mange negative konsekvensar, vert grunngjeve med ein argumentasjon som belyser alle sider av saken. Ein fødselpermisjon høyrer ikkje heime her, og signala som sendast ut er mildt sagt uheldige.

 

Hans Olav Omnes

Valle Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**