Venstre vil ha barnehus i Sogn og Fjordane

Foto: Sfj Venstre

Venstre vil sikre tilbod om barnehus i Sogn og Fjordane. Barnehus er eit tilbod til born og unge som kan ha vore utsett for, eller vore vitne til, vold eller seksuelle overgrep.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

For Venstre er det viktig at barn og unge som er utsett for alvorlege handlingar som seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar skal få hjelp omgåande, og utan uakseptabelt store reiseavstandar.

I politietterforskingar som baserer seg på mistanke om at born er utsett for vald eller seksuelle overgrep er det viktig at barnet vert avhøyrt på ein mest mogleg forsvarleg måte. Barnehus er den mest eigna staden for ei slik oppgåve. Barnehus er spesielt tilrettelagt for formålet og har fagfolk til stades med spesialkompetanse til å gjennomføre samtalar med born om krevjande tema som seksuelle overgrep og vald.

For eit fylke som Sogn og Fjordane med store reiseavstandar må desse borna i dag reise heilt til Ålesund eller Bergen. I verste fall må avhøyra skje i vanlege avhøyrslokale. Venstre er uroa over konsekvensane dette kan få for born som i stor grad er utsett for traumer. Ved å etablere eit eige barnehus i Sogn og Fjordande, alternativt ein satellitt i tilknytting til Bergen, gjerne knytt opp mot til Sentralsjukehuset i Førde, kan ein sørgje for å ha eigna fasilitetar til stades i fylket. Det må i alle tilfelle vere eit mål å byggje opp kompetanse lokalt.

Barnehus kan også vere eit tilbod for vaksne utviklingshemma som har vorte utsett for seksuelle overgrep og vald.

Venstre meiner det er avgjerande at born og utsette grupper får trygge og tilrettelagte omgjevnadar rundt seg i saker som omhandlar vald og seksuelle overgrep, uansett kvar i landet borna bur.

Venstre vil:

  • Sikre tilbod om barnehus i Sogn og Fjordane med eigna fasilitetar for born utsette for seksuelle overgrep og vald i Sogn og Fjordane
  • Byggje opp kompetanse på temaet born og vald/seksuelle overgrep lokalt i samarbeid med fagmiljøa ved eksisterande barnehus
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**