Presentasjon av Agnes Hoshovde Bernes

Mitt namn er Agnes Hoshovde Bernes. Eg er 21 år og kjem frå Vetås i Radøy Kommune. Eg studerer andre året på samanliknande politikk på Universitetet i Bergen og trives veldig godt med det. Eg sitter som første nestleiar i Hordaland Unge Venstre, sitt i styret i Radøy Venstre og er første vara til kommunestyre i Radøy Kommune. Eg sitt og i Studentparlamentet på UIB for Liberal Liste.

Agnes Hoshovde Bernes
Agnes Hoshovde Bernes

Eg ynskjer å stille til val for Venstre fordi eg meiner Noreg treng eit parti som set fridom for enkeltmenneske først, samstundes som ein tek vare på kvarande og miljøet. Noko av dei sakane eg er spesielt engasjert i er klimapolitikk, dyrevern og skulepolitikk. Eg meiner Norge treng ein offensiv klimapolitikk som tar utfordringane med global oppvarming på alvor, og som tør og ta dei tøffe kampane for miljøet. Eg synest Noreg bør å vere eit land som går framfor når det kjem til dyrevern og dyr sine rettigheitar, der ein set dyr framfor interesseorganisasjonar og ikkje omvendt. Og eg meiner at Noreg treng ein skule der eleven har meir valfridom over eigen skuledag, og der eleven blir satt i sentrum.

Eg gleder meg til å drive valkamp for Venstre, og jobbe for at me skal vinne valet!

E-post: [email protected]
Mobil: 907 87 545

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**