– Meir makt til Vestlandet

Foto: Vidar Helle

– Ein ny Vestlandsregion må krevje å overta oppgåver, makt og mynde frå staten som kan utfordre dagens sterke statlege maktsentralisering i Oslo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Det sa Venstre sin gruppeleiar på Fylkestinget, Gunhild Berge Stang, under Fylkestinget sitt møte i Loen 15. juni. Fylkestinget vedtok å starte forhandlingar med Hordaland og Rogaland om å gå saman om å danne ein Vestlands-region frå 1.1.2020. Fylkestinget inviterer også Møre og Romsdal til å delta i forhandlingane om eit samla Vestland.

 

Venstre har vore ein pådrivar for å erstatte dagens 19 fylkeskommuner med større regionar. Desse regionane vil allereie frå starten av få tilført ei rekke nye oppgåver frå staten. Venstre ser etablering av regionar som eit nødvendig springbrett også for å få tilført nye oppgåver og auka mynde frå staten i framtida. – Kombinert med den utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo som Venstre nyleg har blitt samde med regjeringspartia om, ligg alt no til rette for eit sterkare Vestland i framtida, seier Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**