Jubeldag for Måløyraidsenteret

Alfred Bjørlo , Fotograf Vidar Helle

Venstre er særs nøgd med at eit samla Fylkesting i dag har sagt ja til å løyve 800.000 kroner i investeringsmidlar til Måløyraidsenteret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

– Måløyraidet markerte eit vendepunkt i den andre verdskrigen. Måløyraidet er ein del av nasjonal og europeisk historie som det bør vere sjølvsagt at også Sogn og Fjordane stiller opp for. Det sa Venstre sin fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo i Fylkestinget i Sogn og Fjordane i dag.

 

– Venstre har vore ein pådrivar for å få realisert Måløyraidsenteret. Venstre fekk i fjor gjennomslag for statlege driftsmidlar til Måløyraidsenteret saman med våre samarbeidsparti, og når no også Sogn og Fjordane fylkeskommune går inn med investeringsmidlar til senteret ligg alt til rette for at Måløyraidsenteret blir etablert.

 

– Venstre vil gje honnør til dei eldsjelene som har stått på for at ikkje historia om Måløyraidet skal bli gløymt, men tvert imot bli løfta fram som noko fylket og landet er stolte av. I år er det 75 år sidan Måløyraidet – dagens vedtak er den beste jubileumsgåva Sogn og Fjordane kan gi, seier Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**