Å lære seg å bli gründer

Gunhild Berge Stang, Fotograf Vidar Helle

Venstre meiner at alle unge i Sogn og Fjordane i løpet av skuletida bør få prøve å starte elevbedrift. – Å lære seg å bli gründer og starte noko nytt må bli like naturleg sp, å lære seg å søke jobb i ei bedrift som allereie finst. Dette sa Venstre sin gruppeleiar Gunhild Berge Stang i sitt innlegg i generell politisk debatt under fylkestinget i Loen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

NHO har nyleg gjennomført ei undersøking der ein spør korleis folk vektar viktigheita av næringslivet si rolle i samfunnet. Resultatet er interessant og noko urovekkande.

Undersøkinga viser at den yngre delen av befolkninga i mindre grad enn den eldre delen av befolkninga, vurderer næringlivet til å ha ei bærande rolle i samfunnet vårt. Den viser også at dette er ei utvikling over tid, då verdsettinga av næringslivet er svakare no enn før.

Det er ikkje utenkjeleg at dette mellom anna kan forklarast med at innbyggjarane i større grad enn før er sysselsette i offentleg sektor og har ein fjernare forhold til næringslivet som bærebjelke

Eg meiner at dette er urovekkande når vi veit at vi går inn i ei tid der vi skal byggje landet på nytt. Det nye grøne næringslivet og anna privat næringsliv treng meir enn nokon gong tillit og rammevilkår. Eg trur det er viktig at vi tek desse haldningsendringane på alvor, og ser på korleis vi som offentleg aktør kan bidra til å synleggjere næringslivet si rolle i samfunnet. Sogn og Fjordane har gjort ein veldig god jobb i satsinga på ungt entrepenørskap, dette må haldast fram og forsterkast. Eg meiner at det må vere eit mål at alle ungdommar i løpet av skuletida har prøvd å starte elevbedrift – og det er viktig at vi ikkje relaterer dette berre til yrkesfag, men også til studiespesialiserande

Skal vi ta på alvor at mellom 60-70 prosent av dagens ungdom tek høgare utdanning? Kva tiltak skal vi bruke for å snu trenden som fylkesordføraren peikar på? Vi er alle samde om at det ikkje er nok at vi har høge fjell og fine fjordar – (eller snart hadde i Engebø sitt tilfelle).

Gjere vi dei riktige og smarte grepa, er litt meir opne for nye løysingar og endringar, så kan vi klare å vere det fylket vi ynskjer å vere. Fylkesordføraren viser til kommunereformarbeidet. Mykje er sagt i debattane rundt det, men skal eg framheve eit innlegg, så må det vere innlegget til den tidlegare senterpartiordføraren i Fjaler, Kåre Kleppe: Det er ikkje kommunesamanslåing som skapar sentralisering, men teknologi og kapital.

I arbeidet med planstrategi ser vi at vi slit med å trekke til oss kvinnene, slit vi framleis med litt forstokka haldningar til kvinnene si rolle i samfunnet vårt? Eg har opplevd på karrieremessene våre at vi seier til dei unge damene, at jobb ordnar seg alltids, det viktigaste er at dei får ungar. Fylkesordførar, du og alle andre kvinner er ikkje lenger berre fødemaskinar som skal brukast til folketalsvekst, men er individ som hevdar seg innan både utdanning, leiing, politikk. Eg har nemnt det før, men nemner det igjen no, ikkje mange dagane sidan vi markerte innføringa av kvinneleg stemmerett

Nettopp på grunn av dette er det viktig for Venstre å jobbe for ein allsidig arbeidsliv der statlege arbeidsplassar er ein av fleire nøklar. Satsinga på offentlege arbeidsplassar eller næringsliv – det er ikkje eit anten eller, fordi vi ser at riktig plassering og bruk av offentlege arbeidsplassar er ein motor i næringsutvikling

Fylkesordførar, representanten Reknes har rett i at Sogn og Fjordane fekk 400 fleire statlege arbeidsplassar i fylket under raudgrøn regjering. Men, Oslo hadde fekk 8500 fleire slike arbeidsplassar i same periode. Så må det også nemnast at desse 400 i all hovudsak knyter seg til oppbemanning i eksisterande etatar. Og når det er sagt. Venstre er ein sterk pådrivar for å flytte ut eksisterande offentlege arbeidsplassar til fylket, men vi kjem aldri til å skryte av å bidra til vekst i offentleg byråkrati.

 

Eg set pris på at fylkesordføraren tek opp situasjonen på asylmottaka våre. Her skal vi alle gjere det vi kan, og vi kan gjere noko. Vi har ein vidaregåande skule som ikkje pliktar å gje elevar på mottak eit tilbod, men vi kan velje å gjere det og etter det eg forstår så gjere vi det. Så vil eg avslutte med å skryte av at stadig fleire kommunar i fylket vårt tek imot fleire flyktningar enn dei er anmoda om frå direktoratet. Det skal vi frå fylkeskommunen si side heie på og støtte opp under.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**