Kommunereforma på Osterøy – kva skjer?

Breistein i Bergen sett frå Ole Bull, Åshild Rød

Osterøy kommune er i innspurten av ei krevjande sak, både på grunn av omfanget, men og på grunn av tidspresset. Me har to val i kommunereforma; enten å behalda kommunegrensene for Osterøy uendra, eller å bli del av ein større kommune som inkluderer Bergen, og kanskje og Vaksdal og Samnanger.

Neste veke er det møte i formannskapet, og rådmannen i Osterøy har i dag lagt fram sitt framlegg til vedtak. Han rår til at Osterøy kommune går inn for kommunesamanslåing i samsvar med den framforhandla intensjonsavtalen med Bergen, Vaksdal og Samnanger.

Frå konklusjonen i saksutgreiinga: “Rådmannen vil påpeika at det er både positive og negative konsekvensar ved begge alternativa. Å sei nei til ei samanslåing vil spesielt verka negativt for den økonomiske situasjonen framover for kommunen. Dette vil gje seg utslag i mindre kapasitet og ressursar til å levera tenester til innbyggjarane. Samstundes sikrar det eit ope og engasjerande lokaldemokrati og nærleik til tenestene”.

Nedst i denne teksten ligg lenke til saksutgreiinga frå Rådmannen. I tillegg får politikarane oversendt intensjonsavtalen mellom dei fire kommunane, fagrapport frå Telemarksforskning, innspela frå dei fire folkemøta og merknader frå innbyggarane. Desse dokumenta kan du finne på Osterøy kommune sine heimesider, under tema Kommunereform og under politiske saker

Kommunereforma har vore ein sentral del av Osterøy Venstre sine politiske drøftingar dei to siste åra. Me har meint at denne debatten er viktig – både fordi reforma opnar for fornying og endring, men og økonomisk tryggleik. Samtidig er det svært viktige sider av Osterøysamfunnet som ikkje må gå tapt. Å sikra godt lokaldemokrati er viktig i nettopp denne saka.

Her er utdrag frå Osterøy Venstre sitt arbeidsprogram som me gjekk til val på hausten 2015:

“Arbeid med kommunereforma vil vere ei stor og viktig oppgåve for Osterøy kommune i dei kommande åra. Kommunen ligg i ein krevjande geografisk posisjon – i mellomrommet mellom eit sterkt vekstområde i vest og eit område i aust som endrar og utviklar seg langt mindre. Likevel er Osterøy ein klar del av ein felles bu- og arbeidsmarknad med Bergen, og er rekna som ein naturleg del av Bergensregionen. Osterøy Venstre meiner det er naturleg at Osterøy vert del av den same kommunen som Arna inngår i – enten det er ein del av Bergen, eller som del av ein ny kommune saman med Vaksdal. Osterøy Venstre vil ikkje gå inn for ein ny kommune utan Arna – då dette vil avskjere oss frå å vere del av regionssenteret Arna – med dei demokratiske følgjene dette får. Me står då i fare for å stå utan påverknadskraft på vårt eige regionssenter som skal levere varer og tenester til Osterøy, t.d. togtransport, mogleg også ambulansetenester og legevakt. Likeins vil ikkje Osterøy Venstre vere positive til at Osterøy kommune skal stå aleine med same kommunegrenser som i dag. Grunnen er at oppgåvene for kommunane i framtida vil bli større og meir omfattande, og Osterøy kommune er allereie i dag i ein krevjande situasjon i balansen mellom kommuneøkonomi og offentlege tenester.

Å bli del av noko langt større – og særleg Bergen, kan verka framandt. Men det er viktig å halda fast ved at Osterøy har sin eigen identitet som ikkje følgjer kommunegrenser. Som øysamfunn vil me alltid oppleve å vere noko eige, og ha vår eigen identitet, sjølv innafor ein større kommune.

Osterøy Venstre vil bidra til ein diskusjon om sikring av lokaldemokrati og medverknad som ein særs viktig del av kommunereforma. Særleg om kommunen vert del av ein ny kommune som inkluderer Bergen by, må det leggjast premiss om at lokaldemokratiske prinsipp må følgjast, t.d. ved kommunedelstyrer med politisk makt”.

I vekene som kjem er saka inne i den siste og avgjerande politiske fasen. Osterøy Venstre si drøfting av saka vil ha grunnlag i saksdokumenta og vårt eige partiprogram.

Kommunereform saksutgreiing Osterøy kommune

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**