Brev til Sakkunnig takstnemd eigedomskatt Sogndal kommune

Retningsliner for eigedomsskatt Sogndal Kommune

Sogndal Kommunestyre har i vedtak 11.12.2014 sagt at ein skal bruke «skatteetaten sitt formuesgrunnlag» for utrekning av eigedomsskatt på bustader.

Det gamle regelverket frå 2005, endra i 2009, om takseringsprinsipp og faktorinndeling fell difor bort på bustadeigedommar.

På fritidseigedommar og våningshus er det no føreteke taksering ut frå verdibegrep ( med sjablongar) og eigna takstprinsipp. Utført av uavhengig takstfirma.

Takstprinnsippet i det gamle regelverket fell difor bort.

Men det er opp til sakkunnig takstnemnd å vurdere å behalde sonefaktorane etter geografisk lokalisering.

Ifølgje KS kan dette vera ein riktig måte, då ein på fritidseigedommar og våningshus ikkje brukar skatteetatens formuesgrunnlag som vurdering.

I det gamle regelverket for denne gruppa var det tre sonefaktorar: Sentrum faktor 1,00, Område rundt sentrum faktor 0,75 , og øvrige område faktor 0,55.

Handel/service og verk/bruk har også fått taksering utifrå verdivurdering og eigna takstprinsipp som er utført av uavhengig takstfirma. Takstprinsippet i det gamle regelverket fell difor bort.

I det gamle regelverket var det for denne gruppa to sonefaktorar. Sentrum sonefaktor1,00, og øvrige område 0,70.

Eg legg dette fram for nemnda, då eg ser at Sogndal kommune består av eit sentrum som også er eit regionsenter for Sogn. Det vert difor stor skilnad på å eige hus og verksemd i sentrum og i bygdene utafor. Ein bør difor ikkje gå vekk frå bruk av sonefaktorinndeliga.

Mvh Hans I Haugen 14.02.2016

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**