Det må satsast meir på små og mellomstore bruk!

Foto: Astrid Larsen.

I samband med jordbruksoppgjeret ynskjer regjeringa å auka satsinga på dei store gardsbruka. Det betyr at ein større del av støtta til landbruket vert flytta frå dei små og mellomstore bruka til dei store. Hordaland Venstre meiner dette er å gå i feil retning om vi skal auka sjølvforsyninga vår, og elles nå andre viktige nasjonale målsetjingar. Dei små og mellomstore bruka er ein svært viktig del av den totale matproduksjonen i landet. I tillegg er desse bruka viktige for pleie av kulturlandskapet, busetnaden, reiselivet og anna næringsverksemd i store delar av landet. Difor må desse prioriterast i årets jordbruksoppgjer.

Om regjeringa ukritisk held fast på sitt mål om større gardsbruk vil det vera øydeleggjande for landbruket i Hordaland og for store deler av landet elles, fordi landskap og topografi gjer det mindre føremålstenleg å slå saman bruka til store einingar. Vi meiner at meir av midlane må gå til å stø opp om grasproduksjon og beitebruk. Det vil fremma rekrutteringa til yrket, og medverka til eit meir miljøvenleg landbruk.

Uttale vedteken av fylkesstyret 13. mai 2016

Kontaktperson: Ingebjørg Winjum 40 40 38 63

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**