Pål Farstad på besøk i Askvoll og Fjaler

Omvisning på den moderne fiskebåten Vesterhav., Foto: Privat

Stortingsrepresentant Pål Farstad har vore på besøk i Askvoll og Fjaler i to dagar. I Fjaler har han oppleve industrieventyret på Lutelandet, vore på gardsbesøk og hatt frukostmøte med Sogn og Fjordane Bondelag og Fjaler og Hyllestad Bondelag. Vidare har han besøkt forskingstasjonen på Fureneset, som han i Stortinget i fjor gjorde ein stor jobb for å ta vare på. Pål avsluttar besøket med omvisning på UWC.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Pål Farstad på frukostmøte i Fjaler
Frukostmøte i Fjaler
Gunhild Berge Stang, Pål Farstad og Frida Melvær
Pål saman med ordførarane i Fjaler og Askvoll.

Pål kom med båt frå Lutelandet til Bulandet og starta her med å få informasjon frå Audun Oddekalv og Ruben Fedøy om tareprosjektet som Seaweed A/S driv. Dei hadde med ulike smaksprøver.

 

Anne Margrete Grepstad og Oddmund Storesund informerte om eit landbasert oppdrettsanlegg dei planlegg starte opp. Vi fekk sett bilde over dei spanande planane deira.

Representant frå fiskarlaget fortalde om fiskerinæringa, kor mange som jobbar i næringa og kva verdiar dei haustar pr. år.

 

Omvisning på den moderne fiskebåten Vesterhav.
Omvisning på den moderne fiskebåten Vesterhav.

Deretter gjekk turen vidare til Bulandet Fiskeindustri, her fekk vi omvisning ved dagleg leiar Per Arild Tysse. Her fekk vi smaksprøver av ulike typar frityrsteikt fisk, som er deiras siste store satsing.

 

Vi var også heldige at den nyaste havgåande fiskebåten “Vesterhav ” låg til kai, og vi fekk omvisning ombord. Her var leiar i Fiskarlaget Helge Norheim med. Han fortalde om kva fiske dei dreiv og om denne moderne båten.

 

Vi reiste vidare ti Værøyhavna og fekk oss ein god fiskemiddag. Under middagen fortalde Audun om Værlandet Fiskeredskap og garnhotellet han driv rett over bukta. Vi avslutta med ein snartur innom det nyopna Havhotellet.

Besøket i Askvoll vart avslutta med ope møte om næringsutvikling.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**