Støttar Leikanger – samanslåing styrkar posisjonen

Foto: Leikanger Venstre

Ja til ein større og sterkare sogne-kommune er eit viktig signal i komande drøftingar av fylkesmannsstruktur og lokalisering av statlege arbeidsplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det seier Andrè Skjelstad, representant for venstre i stortingets kommunal- og forvaltningskomitè. Onsdag var Skjelstad i Sogn, der han møtte fylkesmann Anne Karin Hamre. «Venstre meiner at fylkesmannen også i framtida kan ha hovudsete i Leikanger», seier Skjelstad. Han legg samstundes ikkje skjul på at eit positivt vedtak om ein større sogne-kommune vil vere eit svært viktig kort å ha på handa.

Ny fylkesmannsstruktur og regionreforma var hovudtema for møtet. Regjeringa vurderer endringar i fylkesmannsstrukturen, med bakgrunn bl.a i kommune- og regionreforma. I regionalmeldinga som blei lagt fram i byrjinga av april, signaliserer regjeringa eit sterkare regionalt folkestyre med om lag ti regionar. Uavhengig av stortinget kan regjeringa bestemme seg for å endre fylkesmannsstrukturen, slik det er gjort i Agder, seier Skjelstad. I ein større vestlandsregion vil lokalisering til Bergen naturleg verte drøfta, meiner han. Skjelstad meiner det er naturleg å sjå fylkesmannens lokalisering i samanheng med at statleg verksemd også skal forvaltast utanom regionshovudstadane. «Fylkesmannen løyser oppgåvene sine godt med lokaliseringa som i dag, slik meiner vi det kan vere også framover», seier Skjelstad. Han viser til Trøndelag, der det er bestemt at fylkesmannen i eit samla Trøndelag skal ha hovudsete i Steinkjer, saman med regional administrasjon. Skjelstad utfordrar samstundes Leikanger og nabokommunane på å rigge Sogn best mogeleg som framtidig lokaliseringsstad. «Mi oppfordring er å gripe mogelegheitene som ligg i dei pågåande prosessane. Ein større sognekommune vil styrke både argumentasjon og posisjon, meiner stortingsrepresentanten.

Bilete:
Venstres representant i kommunal- og forvaltningskomiteen, Andrè Skjelstad, drøfta endringar fylkesmanns- og kommunestruktur med fylkesmann Anne Karin Hamre. I møtet deltok også lokallagsleiar i Leikanger Venstre, Katrine Røkke Wilson, varaordførar i Leikanger, Trude Risnes, og Alfred Bjørlo, nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

Andre Skjelstad i Leikanger

Skjelstad møtte også ordførar i Leikanger, ordførar i Sogndal og andre representantar frå nabokommunane, i arbeidsgruppa under byregionprogrammet. Tema var Sogn som lokaliseringsstad for offentleg forvaltning. Bodskapen frå Skjelstad var klar: Kunstige kommunegrenser i ein felles dynamisk bu- og arbeidsmarknad er flaskehalsar og hemmer potensialet for vekst.Andre Skjelstad i Leikanger

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**