Haram inn i framtida

Ordførarkandidat Kristian Stråmyr., Malin Storholt

Venstre vil gi innbyggjarane eit betre tilbod der dei bur. Kommunestrukturen frå 1960-talet stend i sterk kontrast til dagens reelle bu- og arbeidsmarknadsområder. Fleire kommunar har ikkje kapasitet til å ta skikkeleg grep om næringsutvikling, miljøpolitikk, arealdisponering og stadig meir kompliserte offentlege tenester. Difor gjennomfører vi i desse dagar kommunereforma.

 
Regionkommune Ålesund er bygd på visjonen «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Det er snakk om at vi skal byggje ei ny kommune saman med Skodje, Sandøy, Ørskog, Stordal, Sula, Giske, Sykkylven, Hareid og Ålesund. Dette alternativet oppfyller i størst grad måla for reforma, som er gode tenester for innbyggjarane, heilskapleg samfunnsutvikling, betre økonomi og styrka lokaldemokrati. Haram Venstre si tilråding er difor at Haram kommune bør gå inn for alternativet regionkommune Ålesund.

 
I intensjonsavtalen for Haram-Sandøy heiter det derimot at «ei samanslåing av kommunane vil ikkje fullt ut kunne oppnå måla i reforma». Så kva er då vitsen? Det vert òg fastslått at bygginga av Nordøyvegen er ein føresetnad for samanslåinga, så det er høgst uvisst kva tid ei eventuell samanslåing kan gjennomførast. Dette er veldig urovekkjande då Haram-Sandøy kan ende opp utan eingongstøtte og reformstøtte (eit bortfall på heile 25 millionar kroner) dersom det ikkje vert fatta eit nasjonalt vedtak om samanslåing innan utgangen av neste år.

 

Haram åleine utgjer nullalternativet, som har gått litt under radaren når det kjem til kartlegging av konsekvensar. Nokre hevdar at dette er det aller tryggaste valet: «vi veit då kva vi har!» Denne type argumentasjon vert diverre altfor enkel. Jo visst klarer vi å levere dei lovpålagde tenestene i dag, men ikkje utan vesentleg hjelp av interkommunale selskap på fleire områder (derav fleire er avhengig av Ålesund). Så korleis vert det når vi får tilført endå fleire oppgåver og i tillegg får overført mindre pengar frå staten? Dagens tendens tilseier at det vert mindre politisk handlingsrom og nedbygging av dei kommunale tenestetilboda.

 
Det har vore mykje god debatt og avisskriving om kommunereforma lokalt, men temperaturen byrjar å verte vel høg. Å diskreditere nokon for å «vinne» ein debatt høyrer ingen stad heime, og vitnar om mangel på gode argument. Eg trur folk flest vil gjennomskode slike skitne triks som berre tener som dømer på debattantens gode røynsle i bruk av politikkens svartekunstar. Ein får ta til oppmuntring Per Sivle sin lærdom; «at merket det stend, om mannen han stupa».

 
No er det opp til innbyggjarane å velje. Det er tre alternativ det kan veljast mellom i den rådgjevande folkerøystinga: regionkommune Ålesund, Haram-Sandøy eller Haram åleine. Tenk ikkje på korleis vi har det no, men på korleis det vert i framtida. Røyst på Ålesund regionkommune!

 
Godt val!

 
Kristian Stråmyr
Kommunestyrerepresentant, Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**