Kan omsider selje sider rett frå garden

Terje Brevik
Foto: Jo Straube

Regjeringa har i dag gjort framlegg om endringar i alkohollova, der det skal verta tillate å selje einskilde alkoholhaldige drikkevarer med meir enn 4,7 prosent alkohol direkte frå produsenten. Stortingsrepresentant Terje Breivik varslar at Venstre vil sikra fleirtal for framlegget på Stortinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre har fleire gonger dei siste 10 åra gjort framlegg om å liberalisera regelverket for å stimulera til meir nyskaping og næringsutvikling i distrikta.

Meir om saka på regjeringa.no

– Eg er svært nøgd med at regjeringa no fylgjer opp Venstre sitt framlegg, som vil gjera det enklare for norske siderbønder og andre småskalaprodusentar å få omsett sine produkt, seier Breivik.

- No får norske bønder moglegheit til å selja eigenprodusert sider fra garden. Det er god distriktspolitikk, og god næringspolitikk, seier Terje Breivik
– No får norske bønder høve til å selja eigenprodusert sider frå garden. Det er god distriktspolitikk, og god næringspolitikk, seier Terje Breivik.

– Det er god næringspolitikk, distriktspolitikk og landbrukspolitikk. Det er ein stor dag for siderbøndene, og for reiselivsnæringa i distrikta, utdjupar han.

I 2010 vart eit framlegg frå Venstre nedstemt av dei raudgrøne partia og KrF. No sikrar altså Venstre fleirtal i Stortinget for ei tilsvarande liberalisering av regelverket for gardssal av alkoholhaldige produkt, som eple- og pæresider.

Les meir på tv2.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**