– No blir det mindre pisk og meir gulrøter i kommunereformen – no må kommunane i Sogn og Fjordane kjenne si vitjingstid!
Det seier Venstre sine ordførarar i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, som har delteke i forhandlingane om det nye inntektssystemet mellom Venstre og regjeringspartia.
Avtalen Venstre har forhandla fram inneber følgjande viktige gjennomslag for Sogn og Fjordane:
– Utflytting av statlege arbeidsplassar. Venstre og regjeringa skal saman legge fram ein konkret plan for utflytting av statlege arbeidsplassar i løpet av 2016. Venstre skal ha handa på rattet både på omfang, lokalisering og framdrift.
– Meir pengar til nye kommunar med over 9.000 innbyggjarar. Avtalen Venstre har fått på plass erstattar pisk med gulrot for å finne saman til større kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Det blir innført ei ny ordning på 200 mill kr pr år øyremerka nye kommuner som får over 9.000 innbyggjarar, slik at kommuner på 10-20.000 innbyggjarar vinn i staden for å tape på nytt inntektssystem.
– Meir pengar i 2017-19 til kommunar som slår seg saman no. Kommunar som vedtek før 1. juli i år å slå seg saman frå 2020, får behalde det gamle tilskotssystemet heilt til dei nye kommunene kjem på plass. Dei slepp å bli trekte ned i 2017-19.
– Meir pengar til infrastruktur i nye kommunar. Det er allereie innført ei ordning med tilskot over statsbudsjettet til vegbygging og annan infrastruktur i kommunar som slår seg saman. Venstre har fått gjennomslag for at ordninga skal utvidast og styrkast. Det er særleg viktig for å få bygd meir veg til nye kommunar i Sogn og Fjordane.
– Styrka kommuneøkonomi i Sogn og Fjordane. Venstre har fått gjennomslag for ein langt betre distriktsprofil på det nye inntektssystemet enn i Regjeringa sitt framlegg. Samla sett vil kommunane i Sogn og Fjordane tene minst 40 mill NOK pr år på endringane Venstre no har forhandla fram.
– Sogn og Fjordane har i mange år med Sp/Ap-regjering og blåblått styre tapt terreng når det gjeld statlege arbeidsplassar. No blir denne trenden snudd. Utflytting av statlege arbeidsplassar slik Venstre no har fått gjennomslag for skaper betre grunnlag for næringsutvikling og attraktive bu-regionar i Sogn og Fjordane. Avtalen som no er inngått vil føre til nye statlege arbeidsplassar i nye, større kommuner i Sogn og Fjordane, seier Venstre-ordførarane Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.
– Vi vil særleg berømme innsatsen Venstre sin medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget, André M. Skjelstad, har gjort for å få gjennomslag for utflytting av statlege arbeidsplassar og eit nytt inntektssystem for kommunane. André M. Skjelstad har fleire gonger undervegs besøkt Sogn og Fjordane og hatt møte med Venstre-folk i fylket, og tatt omsyn til våre behov i det opplegget som no er på plass.
Kontaktinformasjon:
Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler (V) og leiar i Sogn og Fjordane Venstre, tlf 976 53 785
Alfred Bjørlo, ordførar i Eid (V) og nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre, tlf 480 82 652.