Sogn jord- og hagebruksskule viktig for landbruket i Sogn og Fjordane!

Foto: Fjaler Venstre

– Landbruket er ei framtidsnæring i Sogn og Fjordane. Tettare samarbeid mellom økologisk og konvensjonelt jordbruk er ein viktig strategi for auka verdiskaping i landbruket framover. Venstre meiner Sogn og Fjordane må bli langt flinkare til å utnytte at vi har ha landets einaste heiløkologiske landbruksskule: Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det seier gruppeleiar for Venstre i Fylkestinget, Gunhild Berge Stang. Venstre foreslo i Fylkestinget i dag å løfte Sogn jord- og hagebruksskule inn i den samla satsinga på landbruk i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane. Framlegget frå Venstre vart samrøystes vedteke av Fylkestinget.

– Sogn jord- og hagebruksskule er eit unikt nasjonalt kompetansemiljø på økologisk landbruk. Skulen driv også eit omfattande utviklingsarbeid. Venstre meiner satsing på økologisk landbruk sikrar ei berekraftig utvikling av landbruket og matproduksjonen i Norge. Både fordi økologisk landbruk er viktig i seg sjølv, og óg fordi økologisk landbruk er viktig for å «skubbe» det konvensjonelle landbruket i ei heilt nødvendig retning. Det er difor viktig å løfte fram potensialet Sogn Jord- og hagebruksskule har for å utvikle landbruksnæringa også i Sogn og Fjordane, seier Venstre sin gruppeleiar i Fylkestinget Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**