Follow @rotevatn
Kjære landsmøte,
Denne veka var eg på komitéreise i Spania. Ikkje berre er dette nordmenn sitt favorittreisemål, men det bør også vere Senterpartiet sitt favorittreisemål.
Rett nok er landet med i EU, men til gjengjeld kan Spania skilte med å ha heile 8,122 kommunar. Her snakkar vi med andre ord om eit land der lokaldemokratiet blomstrar,
der det verkeleg er kvalitet på velferdstenestene og der det er betydelege moglegheiter for å fylle formannsskapet med eigne familiemedlemmar.
Her i Noreg går kommunereforma derimot sin skeive gang. I mitt fylke Sogn og Fjordane var det folkerøystingar i ni kommunar for to veker sidan. På førehand hadde Trygve Slagsvold Vedum, Liv Signe Navarsete og Per Olaf Lundteigen vore på turne og spreidd den glade bodskap om at alt er best slik det alltid har vore. Og i landets sterkaste senterpartifylke, svarte veljarane med å seie eit rungande ja til kommunesamanslåing.
Av dette kan vi lære at folk flest har ein sunn skepsis til å bli fortalt kva dei skal gjere av Oslomakta i Senterpartiet. Kanskje visste rett og slett ikkje Liv Signe kva ho snakka om.
Då Venstre, som einaste parti, i 2009 gjekk til val på at vi treng sterkare og større kommunar, vart vi vekselvis kritisert og ignorert. No er kommunereforma i full gong. Fordi vi har våga å stå løpet.
Ingenting er enklare i politikken enn å seie nei. Folk veit kva dei har. Det krev langt større mot å forsøke å overbevise folk om kva dei faktisk kan få.
Men kjære landsmøte, dette er heldigvis ein debatt vi er i ferd med å vinne. Ikkje berre i Stortinget, men i folket. Fordi folk flest faktisk ikkje er så dumme som slagordet til enkelte parti antydar. Folk flest ser at kommunane i dag har heilt andre og langt tyngre velferdsoppgåver enn dei hadde på 60-talet. At vegar, bruer og tunnelar har gjort Noreg mindre. Og at vi kan få til meir ved å jobbe saman, enn ved å stå åleine.
Trine snakka i sin landsmøtetale om berlinmurens fall. Gode landsmøte, det er ein del murar som treng å fall i kommune-Noreg også.
Den 30. mai skal eg stemme ja til kommunesamanslåing i min heimkommune Eid. Deretter skal eg gå bort til ordførar Alfred Bjørlo, og seie: «Mr. Bjørlo: Tear down this wall».