Nominasjonsnemnda ønskjer forslag på kandidatar til stortingsvalet 2017

f.v Atle Hamar, Jon Ove Lomheim, Brit Grimelid, Jacob Bredesen , Gunvald Ludvigsen , Foto: Sfj Venstre

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Venstre har starta sitt arbeid og ber no lokallaga, og Sogn og Fjordane Unge Venstre om å kome med forslag på minimum tre namn til stortingsvallista for 2017. Nominasjonsnemnda ønskjer tilbakemelding innan 5. mai. Send inn forslaga innan fristen på epost til [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Vi ønskjer ein open prossess der alle medlemmer og sympatisørar har høve til å melde inn forslag til kandidatar. Lokallaga vert difor oppmoda om å ha open prossess i eigen kommune også. Det er høve til å gjere framlegg om kandidatar som på framleggstidspunktet ikkje er medlemmar i Venstre. Nominasjonsnemnda ber om at kandidatar frå eige lag er spurde om dei ønskjer vere kandidat, og at laga legg ved kontaktinfo og litt personalia for desse. Lokallaga kan på eige initiativ samlast og finne kandidatar saman. Dersom kandidatar ikkje er spurde, ber vi om at dette vert anført.

Komiteen tek sikte på å kome tilbake til lokallaga i mai med ei oversikt over dei innkomne forslaga med aktuelle kandidatar. Lokallaga får då til oppgåve og prioritere kandidatar utifrå denne lista. Lokallaga gjerast merksam på at sidan både medlemmer og ikkje medlemmer kan komme med forslag til kandidatar er alle framlegg like tellande.

 

Ifølgje Valglova § 6-2 skal listeforslaget vere utfylt i rekkefølgje med namnet

på så mange kandidatar som det skal velgjast representantar til Stortinget frå

fylket (inkludert utjamningsmandatet frå fylket). Forslaget kan i tillegg

innehalde inntil seks andre namn. Sogn og Fjordane: 4 (10)

Medlemmene i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Venstre er :

Leiar Atle Hamar, [email protected] tlf. 992 84 300

Nestleiar Marit Barsnes Krogsæter, [email protected] tlf. 909 98 121

Brynhild Lund Notøy, [email protected] tlf. 994 87 538

Jon Ove Lomheim, [email protected] tlf 917 21 076

Britt Grimelid, [email protected] tlf. 951 43 212

Gunvald Ludvigsen, [email protected] tlf. 480 91 488

Jacob Bredesen [email protected] tlf. 466 37 819

 

Vara:

Klaus Iversen, [email protected] tlf. 915 35 164

Judith Kapstad, [email protected] tlf. 995 26 822

 

 

Innan 1. juli vil nominasjonsnemnda ha innstilling til valliste klar.

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre er sett til 31. august 2016.

Ta gjerne kontakt med leiar eller medlemmer i nominasjonsnemnda dersom du har spørsmål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**