Venstre har i mange år vore ein pådrivar for Stad Skipstunnel både lokalt og nasjonalt. Sogn og Fjordane Venstre er glade for at Stortinget i førre periode sette av 1 milliard kroner i siste periode av NTP 2014-2023 til Stad skipstunnel, men vil understreke at det er ved den komande handsaminga av NTP 2018-2027 det forpliktande vedtaket om oppstart må skje.
I ny NTP må Stad Skipstunnel fullfinansierast. Sogn og Fjordane Venstre meiner at Stortinget må legge inn startløyving til prosjektet i fyrste fireårsperiode av NTP (2018-21). Venstre vil vere ein pådrivar for å sikre dette, slik at byggearbeidet kan starte opp i 2019.
Sogn og Fjordane Venstre meiner Stad Skipstunnel er eit viktig prosjekt både for tryggleik på sjøen, flytting av gods frå land til sjø, og for ny nærings- og samfunnsutvikling på Vestlandet. Vi er sterkt kritiske til at effektane av Stad Skipstunnel for fiskeri og havbruksnæringa og andre viktige verknader av tunnelen ikkje er omsyntatt i Konseptvalutgreiinga av prosjektet (KS1). Vi føreset at ein i dei politiske vurderingane tek omsyn til ny dokumentasjon om dei store positive samfunns- og verdiskapingseffektane av prosjektet.
Stad Skipstunnel bind Vestlandet saman til havs – Sogn og Fjordane Venstre vil kjempe for Stad Skipstunnel!