Leikanger bør seie ja!

Hovudinngangen til adminstrasjonsbygget til Leikanger kommune, Dag Digernes

Leikanger bør seie ja til å verte del av ein ny og større sogne-kommune. Sjølvsagt er her fordeler og ulemper både med åleinegang og med å bli del av ein ny kommune. So enkelt som at det eine er himmel og det andre stikk motsett, er det ikkje.

I sum meiner Leikanger Venstre likevel at Leikanger vil vere best tent med å møte framtidas utfordringar, som del av ein ny og sterkare kommune. Særleg er vi opptekne av at ein ny og sterkare kommune vil vere betre rusta til å ivareta næringsutvikling, arbeidsplassar og styrke Leikanger som lokaliseringsstad for offentleg forvaltning. Det er grunnlaget for at folk bur her, og for at kommunen skal evne å yte gode tenester for innbyggjarane sine. Verda endrar seg, vi kan best styre endringa til vårt beste ved sjølve å ta aktive grep.

Så vil andre hevde at dette kan vi gjere som eigen kommune, og i samarbeid med naboane. Men samarbeid har også «ein pris», etterkvart rimeleg høg. Ikkje berre i reine pengar. Det gjev seg også utslag i manglande heilskapleg og effektiv styring, lokalpolitisk avmakt og mindre demokratisk medverknad på viktige område for innbyggjarane. Vi meiner at Leikanger allereie har nådd skjeringspunktet, der kostnadene ved samarbeid er blitt høgare enn gevinstane.

Vi meiner ein ny kommune vil gje innbyggjarane i Leikanger:

  1. Lokalsamfunn og ein kommune som er betre rusta til å styrke busetting og arbeidsplassutvikling, med kraft til å skape vekst og nyskaping. Ein ny og større kommune vil ha betre kapasitet til å drive utviklingsarbeid, jobbe systematisk med nærings- og arbeidsplassutvikling, stå betre rusta til å ta imot nye oppgåver og snakke med ei samla stemme. Ein ny og større kommune vil også treffe betre med den daglege bu- og arbeidsmarknaden, der samspelet mellom folk og verksemder faktisk skjer. Ein ny og større sognekommune vil også vere den beste løysinga for å ivareta arbeidsplassane som er grunnlaget for at folk bur her, og for at kommunen kan yte gode tenester også frametter.
  2. Meir framtidsretta og betre tenester. Den nye sogne-kommunen vil ha betre sjangsar til å skape breie fagmiljø enn kva Leikanger sjølv kan klare. I dag har Leikanger mange «ein-persons-fagmiljø». Det er sårbart. Fleire folk som kan det same, styrkar kompetansen og gjer kommunen meir attraktiv som arbeidsgjevar. Eit breiare fagmiljø gjev auka handlingsrom til å frigje ressursar og ikkje minst styrkar det evna til til å tenkje ut og ta i bruk nye løysingar. Til dømes innanfor velferdsteknologi. Ein ny og større sognekommune vil vere betre i stand til å tilby spesialiserte tenester, noko som vil kome særleg utsette grupper til gode.
  3. Betre mulegheiter for større lokaldemokratisk mangfald, med breitt partidemokrati og betre representativitet. Ein større kommune vil gje meir oppgåver og lokaldemokratisk makt. Det vil kunne trigge ein breiare del av befolkninga til å finne interesse i politiske verv. Vi underslår ikkje at ein større kommune vil kunne auke avstanden mellom politikar og innbyggjar. For nær avstand, der kjennskap og venskap kan kome i vegen for politisk gangsyn er heller ikkje problemfritt.

Ny kommune eller åleinegang? Ingen har fasitsvaret. Det handlar ikkje om dagen i dag, men om korleis vi best riggar oss for framtida. Vi har landa på ein ny og større kommune. Det meiner vi er det beste svaret for eit vekstkraftig og framtidsretta Leikanger og Sogn.

Styret i Leikanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**