Ny sogne-kommune styrkar arbeidsplass utviklinga

Trude Risnes , Fotograf: Vidar Helle

For Leikanger Venstre er styrkt vekstkraft den viktigaste grunnen til at vi vil byggja ein ny og større sogne-kommune. Meir folk og fleire arbeidsplassar. Denne vekstkrafta kan så omsettast i gode tilbod for innbyggjarar og næringsliv. For kommunen er det svært viktig kva verksemder og næringsliv gjer for å styrke eiga utvikling. Betyr det noko for verksemdene kva kommunen gjer? Betyr kommune-organiseringa noko? Ja, seier NHO Sogn og Fjordane. Sterkare kommunar i Sogn og Fjordane – ein sterkare sogne-kommune vil vere ein betre medspelar for næringslivet. Kommunen vil ha meir kapasitet, sakshandsaminga meir effektiv og føreseieleg, fagmiljøa sterkare, planlegginga kan gjerast enklare og bli meir i tråd med det som er næringslivets naturlege rekrutterings-, arbeids- og serviceområde. Mange småkommunar slit med å prioritere næringsarbeid, bl.a Leikanger som i svært liten grad driv strategisk næringsutvikling, jmf. også årsrapport om bruk av næringsfond. Det trengst for å vere offansiv nok i kamp om framtidige arbeidstakarar og tilflyttarar. Vi veit og at næringslivet i småby- og tettstadregionar legg meir vekt på kommunen si rolle i næringsutviklinga enn kva næringslivet i andre regionar gjer.

I Sogn er offentleg verksemd svært viktig for vekstkrafta vår. I eit NRK-intervju frå juni i fjor meiner NAV-direktør Tore Thorsnes og fylkesmann Anne Karin Hamre at sterkare kommunar betyr noko for Sogn og Fjordane sine sjangsar som lokaliseringsstad for statlege arbeidsplassar. I Sogn meiner dei at ein større sogne-kommune vil vere det viktigaste grepet for å halde på og utvikle arbeidsplassane og kompetanseklyngene i regionen. Uansett kva vi måtte meine, så betyr kommunens organisasjon og kvalitetar som lokaliseringsstad noko for fordeling og nyetablering av offentlege arbeidsplassar. Uansett kva vi måtte meine, så kan kommunen bli vurdert på om han er sterk nok medspelar for sterkare vekstkraft. Nettopp for at statleg lokalisering på best mogeleg måte kan støtte oppunder samla regional vekst. Her er retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar tydelege nok.

I vårt felles bu-og arbeidsområde har vi berre i offentleg verksemd om lag 1400 arbeidsplassar: Fengselsomsorg, kulturinstitusjon og reiselivssenter, statleg og fylkeskommunal forvaltning, forsking og høgare utdanning. Desse heng saman i ei felles kunnskapsklynge og som rekrutteringsarena. Den eine skal løfte den andre. Kommunane i Sogn har eit felles ansvar for å skape best mogelege rammer for at dette skjer. Vi meiner vårt viktigaste grep no er å gje denne og anna næring meir strategisk kraft og verte ein sterkare medspelar, som ein ny og tydlegare vertskommune. Så hevdar nokon at Luster også må med. Gjerne det. Men nokon må alltid gå først.

I Sunnfjord har den vidare planlegginga mot ein ny og større sunnfjord-kommune teke nye steg, etter positive signal frå innbyggjarane i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal. Spørsmålet synast ikkje vere om, men om kor stor sunnfjord-kommunen vil bli. All honnør til Sunnfjord, som set seg sjølv i styringa av eiga utvikling. Slik vil Sunnfjord skape ei sterkare strategisk kraft, slik blir dei ei samla og tydlegare stemme.

Kva vil vi i Sogn gjere? Sjå til Sunnfjord og korleis omverda rundt oss tenker? Vente og sjå kva som skjer? Leikanger Venstre vil vere med no. Vi meiner det styrkar arbeidsplassar og vekstkraft i Sogn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**