5. april skriv Os FrP at dei ikkje ynskjer å bruke brakkene til Hjellemarka barnehage som bustad for dei 45 flyktningar Os kommune har vedteke å ta i mot. Også Os Venstre vil bruke brakkene på Søftland til noko anna (jmf. innlegget til leiar i Os Venstre, Sveinung Stensletten). I innlegget til Os FrP har dei ingen svar på korleis dei alternativt vil busetja våre nye osingar.
Flyktningane som kjem til kommunen skal være busett her permanent. Det er difor viktig at vi sørger for ein best moglig integrering. Bustad er ein sentral faktor her, og kommunen treng ein langsiktig strategi.
Kommunen bør nytta seg av tilskotsordninga frå Husbanken til å etablere permanente bustadar for flyktningane. Kommunen kan leige ut slike bustader til flyktningar med utsiktar for at dei seinare kan kjøpe bustaden om dei skulle velje å bli. Det skulle være rikeleg med kommunale tomter å velje mellom. Ein liknande modell har vore skissert for ungdomsbustadar.
Dette er både god integreringspolitikk og samstundes ei hjelpande hand til dei mange unge som slit med å kome seg inn på bustadmarknaden. Os Venstre er opptatt av både den kortsiktige og langsiktige integreringa av våre nye landsmenn. Ein god plass og bu med framtidsutsikter, er noko av det viktigaste ein kan tilby.
Jon Sivert Rykkel
Glenn Erik Haugland
Kommunestyregruppa til Os Venstre