Dato: 30.03.16
Tilstades: Morten Holmberg (Vik), Kurt Jevnaker (Årdal), Jon Ove Lomheim (Luster), Christen Knagenhjelm (Sogndal, Hans Haugen (Sogndal), Bjarte Haugen (Sogndal), Else Mundal (Sogndal), Eva Ramstad (Sogndal), Terje Horvei (Aurland), Marianne Øren (Lærdal), ……….. (Lærdal), Katrine Wilson (Leikanger), Trude Risnes (Leikanger)
Dato og stad for neste møte: 8.juni, Sogndal
Saker | Drøfting | Oppfølging |
Presentasjon | Runde rundt bordet. Alle lokallaga representerte, med unntak av Balestrand. Vi lagar ei oppdatert liste med e-post for kontaktpunkt i dei ulike laga, som har ansvar for å formidle vidare info til sitt lokallag. I tillegg oppfordre folk om å knytte seg til Facebookgruppa Sogn Venstre. Kontaktpunkt: Aurland: Terje Horvei – [email protected] Lærdal: Frode Myklebust – [email protected] Marianne Øren – [email protected] Sogndal: Hans Haugen – [email protected] Leikanger: Trude Risnes – [email protected] Katrine Wilson – [email protected] Vik : Morten Holmberg – [email protected]
| |
Orientering om Sognefjorden Vel | Torbjørn Dale orienterte om organisasjonen. Føremålet med organiasasjonen er å styrke kunnskapen om faktorar og forhold som påverkar Sognefjorden som fiskefjord og marint område. Etablert med bakgrunn i folks engasjement og spørsmål kring fisketom fjord/tilstanden for fjorden. Saker som Sognefjorden Vel no bl.a jobbar med er: Vanndirektivet og forvaltningsregimet rundt marine artar i Sognefjorden, mogelege planar for sprenging av grunne ved munninga av Flåmselvi – jmf. cruisetrafikken, forvaltning av hummarbestanden i Sognefjorden, jmf. oppslag Sogn Avis. Sognefjorden Vel vil jobbe med desse og andre spørsmål, med mål om å styrke kunnskapen om Sognefjorden og styrke forvaltninga av fjorden og fjordens ressursar. Finansiering av ønskte FoU-prosjekt er ei utfordring. Har søkt midlar hjå Sogn Regionråd, men må truleg takast opp gjennom ein/fleire kommunar for å bli teken opp til behandling. Har også søkt midlar hjå Fiskeridirektoratet.
Sognefjorden Vel utfordrar venstrelaga i Sogn til å ta lokale/regionale/nasjonale initiativ for å setje Sognefjorden og fjordforvaltning på dagsorden.
| Kvart lokallag, gj. leiar, blir utfordra til å ta opp sak om søknad frå Sognefjorden Vel til Sogn regionråd. Saka kan fremjast som interpellasjon i kommunestyret, evt. som sak/uttale som formannskapet blir bedt om å ta opp/slutte seg til.
Parallellt med at saka blir løfta fram, går venstrelaga i Sogn saman om ei uttale i Sogn avis.
Miljødagen i juni eit godt høve til å spele denne saka opp.
Hans ber Torbjørn Dale lage eit grunnlag for interpellasjon og uttale til Sogn avis |
Samarbeid mellom venstre-laga i Sogn: Kva – Korleis – Når | Spele kvarandre gode i lokalpolitikken Ø Støtte kvarandre i felles-saker, men også drøfte saker der det kan vere usemje Ø Bli ei sterkare stemme også i Sogn – meir tydelege for veljarane Ø Konkrete saker å jobbe med kan t.d vere IKS-saker
Styrke Sogn si stemme på fylkesnivået Ø Kome ut i media med felles bodskap Ø Løfte saker og uttaler inn til fylkesstyre – ei felles, sterkare stemme Ø Førebu saker i fellessskap – gje innspel til Trude og Kurt –
Jobbe meir systematisk med å fremje saker inn til nasjonalt nivå, direkte og gjennom fylkeslaget Ø Samarbeide om å invitere nasjonale politikarar på besøk og opplegg for å fremje saker Ø Fleire reise saman for å møte for eksempel partileiinga, stortingsgruppa, stortingsrepresentantar
Møtast minimum 2 gonger i halvåret, gjerne møte lagt opp ut frå aktivitetar/styremøte fylkeslaget.
I møta:
· Gjerne ha førebudde innlegg på saker/tema vi er opptekne av, jmf. innlegg frå Sognefjorden Vel. · Bør ha førebudd dagsorden, t.d der vi produserer innhald til politiske uttaler evt. drøftar korleis vi ønskjer å jobbe med konkrete saker vi har sett på dagsorden. · Innhald og arbeid ha fokus på konkret, praktisk politikk · Lokallaga spele inn dagsaktuelle problemstillingar, i tillegg til at vi kan «plukke» frå innspelslista frå dette møtet. | Nettverket planlegg med 2 førebudde møter i halvåret. Nytt møte i juni. Merk: Dette blir samordna med fylkesstyrets regionmøte. Sjå utsendt info frå fylkeslaget. Trude opprettar felles Facebook-gruppe – Sogn Venstre.
Nettverket brukar gruppa og møta til informasjon og diskusjon, til å førebu saker og uttaler.
Nettverket skal ta mål av seg å bruke møta og facebookgruppa til å få fram uttaler og politiske saker til fylkes-/nasjonalt nivå.
Sjå innspel på saker i eigen oversikt vedlagt referatet. |
Saker til styremøte 01.04, fylkesstyret | Trude er nyvalgt styremedlem og Kurt nyvalgt 1.vara med møterett til alle møta. Trude og Kurt ønskjer involvering og sparring frå laga i Sogn. I styremøte 1.april står bl.a følgjande på dagsorden: Gjennomgang og konkretisering av handlingsplan for 2016 (HP finn de i referat frå fylkesårsmøtet), Landsstyremøte i Florø i juni, Førebuing til landsmøtet 15-17.april. Innspel frå Årdal Venstre om å ta opp regjeringas forslag om å ta vekk eigedomsskatt på verk og bruk. Vil gje store bortfall av inntekter for typisk tradisjonelle industrikommunar. Semje om å ta problemstillinga opp til fylkesstyret. Kan evt. verte ei uttale til landsmøtet el andre arenaer. | Kurt lagar forslag til uttale som Trude tek vidare inn i fylkesstyret. |