Statleg utflytting: Frå prat til handling!

Fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang
Foto: Vidar Helle

Sogn og Fjordane Venstre krev fortgang i prosessen med utflytting av statlege arbeidsplassar, og at dette blir sett i samanheng med pågåande reformer av kommune- og fylkesstrukturen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sogn og Fjordane Venstre meiner det må vere eit sjølvsagt krav at Sogn og Fjordane får fleire statlege arbeidsplassar gjennom ei slik utflytting. Det vil vere eit viktig bidrag, saman med vekst i næringslivet, til å lage sterke bu- og arbeidsmarknader med variert tilbod av arbeidsplassar og kompetansemiljø både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Sogn og Fjordane Venstre meiner kloke hovud finst i heile landet, og at desentralisering av statlege arbeidsplassar er eit viktig verkemiddel for å ta desse hovuda i bruk. Det er også eit sjølvstendig poeng at ikkje all makt og mynde blir samla på same stad. Våren 2014 vedtok Stortinget, etter initiativ frå Venstre, at regjeringa skal lokalisere statlege arbeidsplassar slik at ein kan redusere presset i Oslo-regionen og styrke fagmiljø og kompetanse i heile landet.

Sogn og Fjordane Venstre konstaterer at to år seinare har lite skjedd frå Regjeringa si side. No er vårt tålmod slutt. Utflytting av statlege arbeidsplassar gå frå prat til handling. Sogn og Fjordane Venstre ventar at Regjeringa no respekterer Stortinget sitt vedtak, og krev at det skjer ei rask og målretta desentralisering av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø i samband med kommune- og regionreforma.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**