Vind i segla fram mot 2017

Pål og Tove., Kristian Stråmyr

23 engasjerte Venstre-politikarar var samla på Seilet hotell i Molde laurdag 2. april.

Fylkesleiar Ola Betten
Fylkesleiar Ola Betten

Fylkesleiar Ola Betten opna møtet, og gjorde greie for «vegen fram mot 2017». Deretter heldt Tove Norøm Rokstad og Pål M. Grødal innlegg om «korleis få gjennomslag for Venstre sin politikk?».

Etter lunsjen var det lagt opp til ei delegatsamling for dei som skal på landsmøtet medan Toivo Brennløkken heldt innlegg om rolla som folkevald og Kristian Stråmyr om lokallagsarbeid.

Stortingsrepresentant Pål Farstad deltok òg på møtet og var særleg interessert i å høyre på meiningane til deltakarane.

Vinnaren av mediekonkurransen var Sunndal Venstre med oppslaget «–Hersketeknikker er en ukultur». Premien er på 2000 kr til lokallaget.

Samlinga vart avrunda med ei orientering om prosessen med stortingsvalprogrammet og diskusjon om saker Møre og Romsdal Venstre vil ha med.

Under evalueringa kom det fram at dei fleste likte formatet for møtet. Det vart opna for spørsmål og debattar undervegs i programpostane, som gjorde at alle kom til orde under nettverkssamlinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**