Ja til Midt-Telemark – lesarinnlegg frå Bergit

folkeavstemning, "Foto: Irene Kaspersen"

Eg les med interesse – og av og til med forundring – ulike meiningar og påstandar rundt kommunereforma og intensjonsavtala mellom Bø, Nome og Sauherad.

Det vi kan vera heilt sikre på er at det er alltid er pluss- og minussider, både ved å fortsette som 3 kommunar og ved å slå oss saman til ein kommune. Kommunestyret i Bø har samrøystes sagt ja til intensjonsavtala. Det til tross for at Bø, som mange påpeikar, er ei bygd i rivande utvikling både med auke i folketal og arbeidsplassar.

Kvifor samanslåing da? Eg vil her prøve å gje nokre av dei grunnane som eg syns er viktige :

Innbyggjarane våre har krav på og ventar gode og tilpassa tenester. Samfunnet har blitt mykje meir komplekst og kommunane får stadig nye ansvarsområde. Det vil fortsette og truleg auke. For å makte dette, vil vi trenge å bli meir spesialiserte og auke kompetansen vår. Da treng vi større einingar.

Eg ser at mange er bekymra for arbeidsplassar, etter det eg forstår fordi dei administrative ressursane blir spreidd på ulike stader i kommunen og fordi ein totalt sett vil kunne trenge færre arbeidsplassar i administrasjonen. Etter mitt syn er det viktig å kunne effektivisere administrasjonen og heller bruke dei kommunale ressursane i direkte i arbeid mot innbyggarane i kommunen anten det er i skule og barnehage eller i pleie- og omsorgsektoren.

Ein større kommune vil ha større musklar og kunne arbeide meir effektivt med næringsutvikling enn om vi arbeider kvar for oss, og kanskje også i konkurranse med kvarandre.

Vi har i dag eit interkommunalt samarbeid på mange felt. Det har på mange måtar fungert svært bra, men det har og store begrensningar, ikkje minst når det gjeld samhandling på tvers av profesjonsgrensene og politisk styring og kontroll. Eg er overbevist om at det f.eks vil vera ei stor vinning for barn som slit, å få barnehagar, skule, PPT-tenesta og barnevernet under ei leiing. Det vil gje betre tilbod og betre utnytting av kompetanse og ressursar.

Mange hevdar at ei av dei fremste kjenneteikna ved Bø er at vi er framoverlente, vi ser muligheiter og vi grip muligheitene. Dette er ein slik muligheit der vi saman kan gjera Midt-Telemark til ein viktig samfunnsaktør og ein framtidsretta kommune som kan møte framtida sine utfordringar til beste for innbyggarane.

Sjølvsagt kan det i startfasen bli ein del innkjøringsproblem. Det er naturleg. Men vi må tenke langsiktig og ha vyer for korleis vi saman skal utvikle den nye kommunen til ein god bustad-, nærings- og kulturkommune. Det er ein stor fordel at den politiske leiinga i desse tre kommunane har lang og god røynsle i å samhandle. Dei utfordringane som måtte kome vil vi greie til beste for ein livskraftig kommune i Midt-Telemark!

 

Bergit Askildt Myrjord

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**