Korleis vil du at Førde sentrum sjå ut i framtida? Dette er tema for ope møte onsdag 13. april kl. 18.00 – 20:30, Øyrane vidaregåande skule.
Lin Hjelmeland Finjord frå Naturvernforbundet, Rolf Sanne-Gundersen frå Sunnfjord Næringsutvikling og sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad stiller som innleiarar på møtet, som blir arrangert på Øyrane vidaregåande skule.
– Spenstige diskusjonar
Det er Førde Venstre som inviterer til ope møte, der dei vil at folk skal tenke både høgt og stort om Førde si sentrumsutvikling. Tankane vil bli tatt med i arbeidet opp mot to store planar i Førde kommune; sentrumsplan for Førde og reguleringsplan for Indre Øyrane.
– Kommunen skal i gang med sentrumsplan i 2016 og våren 2017 skal det avgjerast korleis kommunen vil nytte grøntarealet på Indre Øyrane i framtida, forklarar Åge Avedal, nestleiar i Førde Venstre, før han held fram:
– Vi håpar på spenstige diskusjonar om korleis det skal vere å bu og besøke Førde sentrum. Til å starte diskusjonen har vi fått med tre veldig gode innleiarar til å sette lys på ulike sider ved sentrumsutviklinga i Førde.
Vil ha brei prosess
Ein av innleiarane er Bjørn-Are Vollstad, sivilarkitekten som har budd det meste av livet i Førde. Han vil både utfordre og inspirere gjennom ulike eksempel, og komme med idear til korleis mange kan bidra i prosessen.
– Vi må ty til både drømmekrafta og dømmekrafta når vi skal vikle sentrum vidare ut. Ein brei og inkluderande prosess lokalt er sjølvsagt når vi skal skape ein ny sentrumsplan, seier Bjørn-Are Vollstad og held fram:
– Det er vi som bur her, i lag, som må einast om og gjennomføre planane. Det vi finn saman, er samfunnet vårt. Flest mogleg må vere med å leite, og kva finn vi då? Sykkelbyen? Bilbyen? Handelsbyen? Korbyen? Nynorskbyen? Elvebyen? Regnbyen?
– Høgst sannsynleg finn vi ikkje noko eintydig svar. Eg har langt meir tru på kombinasjonar av alt dette, og meir til, for å få fram eit tilstrekkeleg frodig uttrykk for den vesle bygdebyen vår.
Næringsliv og naturkvalitetar
Dei andre innleiarane på møtet vil bidra med ulike innfallsvinklar til spørsmålet om Førde sentrum i framtida.
Rolf Sanne-Gundersen, har nyleg teke til i jobben som dagleg leiar i Sunnfjord Næringsutvikling, som jobbar med å fremje vekst og legge til rette for nyetableringar i næringslivet i Indre Sunnfjord.
Lin Hjelmeland Finjord frå Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord vil innleie spesielt om natur- og friluftslivskvalitetar i området Løken ved Indre Øyrane. Ho vil trekke fram verdiar som ligg til området i dag, og korleis ein kan arbeide for å gjere desse kvalitetane endå meir tilgjengeleg for innbyggjarane.
– Det viktigaste med møtet er likevel at alle som vil kan komme med sine tankar om både sentrum og Indre Øyrane. Vi legg opp til både gruppediskusjonar om utvalde tema og plenumsdiskusjon. Eg gler meg til å diskutere og høyre kva folk har på hjartet, og håpar mange finn vegen til Øyrane vidaregåande denne kvelden, avsluttar Åge Avedal i Førde Venstre.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
Åge Avedal, Førde Venstre, tlf. 970 72 734. Meir om arrangementet og om kven som har meldt si interesse på Førde Venstre på Facebook.
Velkomen!
Beste helsing styret i Førde Venstre