Vern Øystesevassdraget!

Foto: Knut Olav Brekklund Sæves

Hordaland Venstre krev at planane for utbygging av både øvre og nedre del av Øystesevassdraget stoggast og at vassdraget vernast for framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

I 2005 innstilte NVE på å verne Øystesevassdraget av omsyn til naturvern og friluftsliv. Det er derfor skuffande og uforståeleg at NVE har snudd i saka og tilrår Olje- og energidepartementet å gje konsesjon til full utbygging av vassdraget.

Øystesevassdraget er eit av få vassdrag i regionen som framleis renn fritt frå fjellet og heilt ned i fjorden. Innstillinga frå NVE vil vere eit stort tap for natur-, friluftsliv-, landskaps- og fiskeinteressene i fylket vårt dersom det vert effektuert.

Vi må ta vare på dei få vassdraga vi har att i Hordaland som er urørte av kraftutbygging. Over lang tid har naturvernet konsekvent vore satt til side av utbyggingsinteressene i fylket vårt. No er det nok! Kraftinteressene får i framtida finna honningkrukkene ein annan stad. Øystesevassdraget kan ikkje verte nok eit offer for storsamfunnets umettelege svolt etter overforbruk av straum og manglande evne til energieffektive tiltak.

Fråsegn vedteke av fylkesstyret 14. mars

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**