Lesarbrev frå Kristin Vestgarden om kommunesamanslåing

Foto: Olav Lahus

Kommunesamanslåing

Eg har tvila meg fram til eit standpunkt i diskusjonen om kommunesamanslåing. Det er ikkje lett å skulle gjera seg opp ei meining om ei sak som er så stor, og som vil påverke livet til så mange, over mange år. Eg har eit stort ønske om at alle som skal bu og leve i Bø, skal vera ein del av ein stor og sterk kommune som kan gje den hjelpa og dei tilboda me alle har behov for til ei kvar tid.

Intensjonsavtala som Nome, Sauherad og Bø kommune har skrive under på, seier noko om at alle tenestene som skal vera i kommunen, skal ha høg kvalitet og dei skal vera der folk bur.

Eg er helsepolitikar i min kommune og har naturleg nok ekstra fokus på tenestene som omhandlar helse.

Då eg starta i lokalpolitikken i Bø for 5 år sidan, var ei av dei fyrste sakene me hadde, saka om Samhandlingsreforma. Me har i forbindelse med den sett at fleire og fleire oppgåver blir flytta frå stat og over til kommunane. Me skal i dag ta hand om eldreomsorg, demente, psykisk helse, rusomsorg, rehabilitering, unge som ikkje taklar kvardagen, legetilbod, legevaktordning, osb.

Me har alle eit forhold til eldreomsorg.

Me veit at dagleg står tilsette i kommunane i situasjonar der dei må prioritere sjuke eldre føre andre sjuke eldre. Me har alle hørt om eldrebølga som kjem, den har bare så vidt starta og eg trur, at det vil vera vanskeleg for Nome, Sauherad og Bø, kvar for seg, å klare å gje tilfredsstillande hjelp til alle som treng det. For å klare desse oppgåvene i framtida vil me stå veldig mykje sterkare om me er ein større kommune. Me vil kunne tilby større og meir attraktive fagmiljø, og me vil kunne gje eit betre tilbod til alle gruppene som treng hjelp.
Gruppa med diagnose demens, er ei gruppe som blir større og større. I ein tenkt situasjon, i ein større kommune, vil me kunne bygge felles demensavdeling. Me vil kunne gje tilbod som me ikkje kan klare å gje om dei tre kommunane skal stå kvar for seg. Me vil kunne bygge opp rehabiliteringsavdelingar med betre kompetanse og som vil vera eit godt tilbod til alle som har slike behov.

Ei anna sak som har påverka meg til å ta mitt standpunkt, er distriktspolitikk. Eg er opptatt av at me skal ha levande bygder i Norge. Da må det vera sterkare regionar som kan tiltrekke seg ulike bedrifter, eit næringsliv som vil etablere seg i bygdene og skape aktivitet og arbeidsplassar. For å få det til er ikkje kommunane store nok når det bur 6000 innbyggarar, som det gjer i Bø i dag. Eg er ganske sikker på at ein kommune sett saman av 3 mindre kommunar, som Sauherad, Nome og Bø, vil vera ein slik kommune, der næringslivet ønsker å satse!

Eg oppfordrar alle i Bø til å bruke stemmeretten sin den 10. april, og eg oppfordrar alle til å stemme ja til ei kommunesamanslåing med Nome, Sauherad og Bø!

Kristin Ødegård Vestgarden
Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**