Setesdalskultur på UNESCO-lista?

Jan Kløvstad, Jone Nyborg
Jan Kløvstad
Jan Kløvstad

Eg vil gi honnør til Setesdal Spelemannslag som saman med Senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim har sendt søknad til Norsk Kulturråd om å få spel, kveding og dans frå Setesdal inn på verdsarvlista til UNESCO. Nå har fagrådet i Norsk Kulturråd vedtatt å sende søknaden frå Setesdal vidare til Kulturdepartementet, som skal avgjere om søknaden skal gå vidare til UNESCO i Paris.
Søknaden er skrive av leiar Astri Rysstad i Setesdal Spelemannslag, spelemannen Gunnar Stubseid og heidersmedlem Kari Margrete Okstad i FolkOrg, i nært samarbeid med direktør Marit Stranden med folkemusikk- og folkedanssenteret i Trondheim.
UNESCO-lista for fysiske kulturstader er lange, med gamlebyar i Europa, Bryggen i Bergen og Røros som gode norske medlemer. Seinare har vi fått naturområde som Vega-øyene på Helgelandskysten og fjordane Nærøyfjorden i Sogn og Geirangerfjoren på Sunnmøre. Nå er neste steget den immaterielle kulturarven, og Setesdalskulturen er den første norske kandidaten.
Argentinsk tango står på lista, og på Færøyane blir det arbeidd grundig med å søke UNESCO-status for den snart 900 år gamle ubrotne kvaddanstradisjonen. Å kome på ei slik liste er ei anerkjenning og ein honnør, – og det forpliktar både miljøet i Setesdal og oss som driv med politikk lokalt og regionalt i Agderfylka.
Eg ventar spent på vedtaket i Kulturdepartemenet i løpet av mars, og ser det som sjølvsagt at søknaden går vidare til Paris, med sterk støtte også frå departementet.

Jan Kløvstad
Venstre, nestleiar i kultur-, nærings- og helsekomiteen i Aust-Agder fylkesting

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**