Årsmelding Ørskog Venstre 2015

Årsmeldinga tek for seg perioden 01.01. – 31.12.2015.

Årsmøte 27.01.2015 – for perioden 2014:

  • Tysdag 27. januar 2015 kl 19.00
  • Frivillegsentralen
  • 4 medlemmer møtte
  • Innkalling og sakliste – godkjende
  • Ordstyrar: Arve Ørskog, sekretær: Ragnar Bakken
  • Årsmelding 2014- godkjend
  • Rekneskap 2014 – revidert – godkjent.
  • Kontingent 2015 – 100 kr pr medlem lokalt – gratis første året.
  • Val:
  • Arve Ørskog – styremedlem 2014-2015 – leiar 2015
  • Ragnar Bakken – kasserar/sekretær 2014-2015
  • Reidun Davik – styremedlem 2014-2015
  • May-Sissel Osvik – styremedlem 2015-2016
  • Asbjørn Søvik – styremedlem 2015-2016
  • Varamedlemmer:
  • 1. Knut Sørdal 2015 – 2. Ingar Walbø 2015
  • Revisor – 2015: Gaute Aamlid
  • Valnemnd årsmøtet januar 2016: Knut Sørdal 2015 – Randi Otnes 2015
  • Utsendingar årsmøtet februar 2015 MRV: Ragnar Bakken og Arve Ørskog.

Vara – resten av styret + varamedlemmer.

  • Vedtak om å arbeide for ei fellesliste mellom KRF og V ved kommunevalet i 2015.
  • Programarbeidet knytta til kommunevalet vart drøfta.
  • Aktuelle politiske saker vart drøfta – m.a. kommunereform, Sjøholt skule utbygging/riving – byggefelt/byggeklare tomter
  • Meldingsåret 2015:

Kommunestyregruppa valperioden 2011-2015:

Ragnar Bakken (V) – Reidun Davik (V) – valde på Fellesliste KRF + Venstre.

Kommunestyregruppa valperioden 2015-2019: (1. møte 08.10.15).

Geir Peter Aure (V) – Gunnar Fagerlid (V) – Nadarajah Gunapalan (V) – Helene Børretzen Fjørtoft (KRF) – første møte 8. oktober 2015.

Det har vore haldne gruppemøte som oftast måndagar/tysdagar i forkant av kvart kommunestyremøte. Samla 12 gruppemøte.

Nokre sammøte med andre politiske parti – m.a. knytta til øko.plan, budsjett, konstituering av nytt k.styre hausten 2015.

Møtetidspunkt: 19.00/20.00 – Stad: Til vanleg på Kyrkjetorget.

Saker til drøfting: Kommunestyresakene jf. saklister – og andre aktuelle politiske saker.

Kommunevalet 2015 vart drøfta på både styremøte og gruppemøte.

Kommunestyremøta (11 møte) har vore haldne slik i dette året (2015):

12.02 – 26.03 – 30.04 – 28.05 – 18.06 – 03.09 – 24.09 – 08.10 – 29.10 – 26.11 – 10.12.

Styremøte, aktivitetar, representasjon m.m. 2015:

  • Fylkesårsmøte 7. – 8. februar 2015. Valde utsendingar frå Ørskog var Arve Ørskog og Ragnar Bakken.
  • Styremøte: Styresaker har til vanleg vorte handsama i tilknyting til gruppemøta + pr telefon og e-post. Eigne styremøte 15.01.15 0g 27.14.15 m/saker knytta til kommunevalet 2015.
  • Nominasjonsmøte 23.03.15 – KRF/V fellesliste med 11 namn – alfabetisk.
  • Kommunestyret 2011-2015: FRP har 5 repr – Sp har 4 repr – AP har 4 repr medan

Høgre og Felleslista har 2 kvar. Thorbjørn Fylling er ordførar, medan Ragnar Bakken er

varaordførar.

Reidun Davik er medlem i KP-utvalet. Venstre og KRF har elles rimeleg god utteljing i

råd og utval. Venstre sine listekandidatar har alle viktige verv.

Kommunestyret 2015-2019: Felleslista har 4 repr. – AP har 4 repr., FRP har 4 repr. – Høgre har 3 repr. – og SP 2 repr. Karen S. Aanes er ordførar, og Geir Peter Aure er varaordførar. Helene B. Fjørtoft (KRF) er medlem av f.skapet saman med G.P.Aure. Ingunn Marken (KRF) er medlem i KP. Gunnar Fagerlid og Nadarajah Gunapalan er med i Tenesteutvalet. V. og KRF har elles rimeleg god utteljing i råd og utval. Venstre sine listekand. har alle viktige verv.

  • Dagsmøte MRV 21.11.15 Geir Peter Aure frå Ørskog.
  • Avisinnlegg gjennom heile 2015 – i hovudsak Bygdebladet. Laget har hatt fleire innlegg og orienteringar i avisa. Sekretær har stått for dette arbeide/skrivinga + listekandidatar.
  • Venstre har hatt fleire interpellasjonar og spørsmål i k.styre og f.skap.
  • Økonomi: Jfr. rekneskap for 2015.
  • Kommunevalet: Mykje arbeid og møte knytta til listestilling, programarbeid, valkamp, valmateriell, oppfølgjing av valresultatet. Godt resultat for felleslista: Flest stemmer – 4 repr i k.styret – 2 i f.skap inkl. varaordførar.
  • Medlemsverving: Lite har skjedd knytta til det å få fleire medlemmer til laget.

Pr 31.12.154 hadde laget 9 registrerte medlemmer. Talet er uendra frå førre år pluss 3 og minus 3.Vi bør kunne bli fleire. Dei nye var listekandidatar og innvalde i k.styret.

  • Nettside. Ørskog Venstre har eiga nettside. Inngang gjennom Venstre si side på nettet. www.venstre.no – vidare til fylkeslag – og lokallag. Sida har ikkje vore nytta i 2015. Skal vi gjere noko med dette i 2016?

Kontakt: – Kontakten i høve fylkeslag/MRV og Venstre sentralt har vore jamt god.

Utsendingar: – Ørskog Venstre har vore representert på få Venstresamlingar – jf. ovanfor.

– Varaordførar har delteke på fleire samlingar/møte i interkommunal regi.

Aktiviteten lokalt har i hovudsak vore knytta til lokalpolitikk i k.styre – f.skap og utvalg.

Dessutan tok kommunevalet 2015 mykje tid. Ein del «styre»-saker har vore drøfta i samband med gruppemøta.

Sentrale lokalpolitiske saker i 2015 – eit utplukk frå kommunestyret sine saklister:

  • Budsjett – økonomiplan – rekneskap – økonomioversyn/tertialrekneskap – Ørskog Sjukeheim omstillingar – namnsetjing av vegar/klager mm – årsmeldingar – ymse valg – høyringar – plan for brannvernet – reguleringsplanar – handlingsplanar – samferdselssaker – brannstasjon reg.plan/bygging – rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet – vegspørsmål – Ørskog Energi/Nordvestkraft – utbygging/riving Sjøholt skule – mellombels lokale Sjøholt skule – dagtilbod demente – rapportering finansforvaltning – låneopptak 2015 – reg. plan Vaksvika – drift Ørskoghallen – møteplanar – kvalitetsmelding Ørskogskulane –overføring investeringsmidlar – samarbeidsavtale skatteoppkrevjar – plan for utviklingsarbeid oppvekst – auka ressurs k.planlegging – ROS-analyse – valsaker jf. kommunevalet – beredskapsplan – helse-og omsorgstenestene –friluftslivets år – ulike høyringar – oppreising barnevernsbarn – søndagsopne butikkar høyring – gangveg Amdam til Giskemo – politisk struktur – godtgjersle ombod – tertialrekneskap – Børdalslinja – Åknes/Tafjord beredskap – perm.reglement – plan B19 – erstatningssak Sjøholt Næringsbygg – reguleringsplan v/Sjøholt skule + klage – saker frå namnenemnda – støtte Ø.S.hus – konstitueringar og val – vederlag opphald i institusjon klager mm – kommunereform lokal prosess – LUK (nabo hjelper nabo) – kommunale fond – husleigeauke kom. bustader – bustadfelt Iden – bemanningssaker – legevaktsamarbeid –– busetjing av flyktningar – ei rekkje referatsaker – spørsmål – interpellasjonar m.m.

Felleslista har meldt fleire interpellasjonar og spørsmål i kommunestyre og form.skap.

Vi har vore rett aktive! Vi har teke opp ei rekkje aktuelle saker og spørsmål. Saknar til dels oppfølgjing frå adm. Eit relativt tungt år for det som gjeld politisk arbeid – jf. Sjøholt skule. Gledeleg valresultat – med optimisme inn i ny valbolk, der kommunereform truleg vil dominere.

Takk til alle for innsats og interesse for arbeid i og for Ørskog Venstre i 2015.

Ønskjemål for 2016:

  • Auke i talet på medlemmer.
  • Fleire tek del på gruppemøta – eit aktivt lokallag – jf. m.a. kommunereforma.
  • Få framdrift i viktige saker – jf. valprogram og satsingsområde.
  • Framdrift i vegsaker og utvikling av sentrum.

6240 Ørskog, 15. januar 2016 Ragnar Bakken – sekretær –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**