André N. Skjelstad kjem til Askvoll

– Regionreformen er først og fremst en demokratireform for å flytte makt nærmere folk., sier André N. Skjelstad, Foto: Jo Straube

Torsdag 10. mars kjem stortingsrepresentant André N. Skjelstad til Askvoll. Skjelstad er medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Det vert halde medlemsmøte på Askvoll rådhus med tema kommunereforma . Medlemmer frå Fjaler Venstre er også invitert. Mange medlemmer har spørsmål om kommunereforma, og han vil gje informasjon om bakgrunnen for reforma, og svare på det ein lurer på om reforma.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Askvoll kommune er inne i ein viktig fase. Måndag 4.april kan du gjennom ei rådgjevande folkerøysting gje di røyst til kva kommunar du ønskjer Askvoll skal slå seg saman med i framtida, eller om Askvoll skal halde fram som eigen kommune.

Her er dei tre alternativa innbyggjarane i Askvoll skal røystast over:

Alternativ A:
JA Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Fjaler, Hyllestad og Solund (HAFS)
Alternativ B:
JA Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (Liten Sis)
Alternativ C:
NEI Askvoll kommune slår seg ikkje saman med andre kommunar

 

Dei ulike alternativa til nye kommunar er bygde på vedtekne intensjonsavtalar i kommunestyra. Det er bestemt at røysterettsalder er 16 år, dvs at dei som er fødd 31.12.2000 eller før har røysterett ved folkerøystinga.

 

Andre Skjelstad med Venstrelaga i Sogn Vi ønskjer vel møtt til medlemsmøte på Askvoll rådhus, torsdag 10. mars kl. 17.30.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**