På årsmøte i Naustdal Venstre den 24. februar var det valgt nytt styre i lokallaget. Det nye styret består av :
Eivind Standal Husabø, leiar
Magnhild Runde, nestleiar
Runar Tengel Hovland, styremedlem
Olaug Helle og Øystein Garfors går ut av styret. Vi takkar dei for innsatsen. Det nye styret vil satse på å skape endå meir engasjement for god venstrepolitikk i Naustdal. Dei viktigaste sakene framover er å sikre gode prosessar kring handtering av kommunereforma samt å bidra til å skape gode tenester for innbyggjarane i Naustdal, seier lokallagsleiar Eivind Standal Husabø. Ferdigstille utbygging av Naustdal barne og ungdomsskule med kvalitet i alle ledd, gode helse- og velferdstenester blant anna ved å sikre gode ei god handsaming i saka om utbygging av friskhus. Saka om fjorddeponi er ikkje tapt endå i våre auge, og vi vil fortsette å kjempe imot at fjorden skal brukast som ein avfallsplass så lenge vi kan. Vi går også aktivt inn og støttar dei som delar vårt syn i denne saka.