Til kamp for førdefjorden

Foto: Tonje Sofie Eriksson / Natur og Ungdom

Laurdag 20. februar kjem leiar av Noregs Unge Venstre Tord Hustveit til Vevring i Naustdal for å markere si støtte til kampen mot det planlagde fjorddeponiet i Førdefjorden.

Tord Hustveit «Å dumpe gruveavfall går på tvers av miljøfaglige råd. For meg er dette eit verdispørsmål som handlar om kva samfunn vi ynskjer å ha. Eg meina naturen må legge premissa for all økonomisk aktivitet og difor tek eg turen til Førdefjorden for å markere mi støtte», seier Hustveit.

Er klar for kamp

Jacob Bredesen, leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre, er på lik linje med Hustveit klar for å kjempe og tek også turen til Vevring.

«Det er kunnskapslaust å dumpe gruveavfall i ei av Norges største naturperler, som også utgjer eit viktig gytefelt for den truga kysttorsken», seier Bredesen, og utdjupar

Jacob Bredesen
Jacob Bredesen

«Det er ikkje berre fiskerinæringa som verte truga ved eit slikt sjødeponi; også turistnæringa har uttrykt stor motstand mot planane. Det er viktig at vi lyttar til to næringar av denne størrelsen, og deira synspunkt i eit so viktig spørsmål».

Unge Venstre meina Noreg må syne at ein skal vere eit føregangsland innan satsing på framtida og miljøvennlige løysningar, og at fjorddeponi vil stå stikk i strid med den typen målsetningar.

Eit av dei viktigaste miljøspørsmåla i vår tid

Tidlegare fylkesleiar i Unge Venstre og no direktevalt landsstyremedlem i Unge Venstre, Daniel

Daniel Gangeskar
Daniel Gangeskar

Gangeskar, tykkjer at Førdefjorden har reist seg som eit av dei viktigaste |miljøspørsmåla i vår tid:

«Førdefjorden er ei av dei viktigaste miljøsakene som vår generasjon står ovanfor. Avgjersla i denne saka vil skape presedens for liknande saker i framtida og vil påverke norsk miljøpolitikk på sitt området i fleirfaldige år framover».

«Noreg må gå føre i ein ny, grøn revolusjon. Ein revolusjon som skal basere seg på morgondagens løysningar, og ikkje gårsdagens tankesett. Vi må skape nye, grøne arbeidsplassar som vil vere med å sikre norsk økonomi i mange tiår framover, og med fjorddeponi vil desse løysningane verte ekstremt vanskelig», seier Gangeskar.

Det grøne næringslivet er framtida.

Sentralstyremedlem i Venstre og fylkestingsmedlem, Alfred Bjørlo, er samd med sine yngre partikollegaer i viktigheita av ein rein Førdefjord:

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo

«Stadig meir tyder på at Førdefjorden vil verte vår generasjons Alta-sak, med to viktige skilnader: For det første: ho vil ikkje berre vere nasjonal, ho vil vere internasjonal. For det andre: store deler av næringslivet vi skal leve av i framtida står denne gongen på naturen, nasjonale fagstyresmakter og det internasjonale engasjementet si side, og da er det flott at vi har ungdom som tør å stå opp for kva dei meiner».

«Vi er inne i ein miljørevolusjon — det grøne næringslivet er framtida. Det er på den banehalvdelen Sogn og Fjordane må vere. Venstre er der allereie. Eg oppmodar sterkt det øvrige politiske miljøet i fylket om å kome etter», avsluttar Bjørlo.


 

Tord Hustveit, Leiar Noregs Unge Venstre


 

Jacob Bredesen, Fylkesleiar Sogn og Fjordane Unge Venstre


 

Daniel Gangeskar, Landsstyremedlem Noregs Unge Venstre


 

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid


 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**