Os om 5-10 år

Sveinung Stensletten
Sveinung Stensletten, Silje Lepsøy

Lesarinnlegg: Blir det som det blir, eller skal me sikta på noko?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sist søndag gjekk kåno og eg oss ein lang tur i utmarka i Søfteland- Lysekloster området i det fine været. Eg hadde tidlegare lagt merke til den nye anleggsvegen som går inn i Endalausmarke ikkje langt frå krysset mot Langedalen. På veg tilbake til Søfteland var det difor naturleg å leggja turen innom der. Godt inne i anleggsområdet med fin utsikt frå ein åsrygg boregeitene alt hadde gnege seg godt ned i, slo det meg – «Dette blir det nye sentrum i Os kommune».

Rikeleg med plass på begge sider av vegtraseen til både verksemder, handlesenter og bustader. Kort veg til Os sentrum, Neset (Nore- og Søre-), Lysekloster og Søfteland og 15 minuttar kjøyring til Flesland og Bergen sentrum. Det er truleg få hinder som vil bremsa utviklinga av området. Endalausmarka er vid, ligg langt frå folk, er småkupert, myrlendt og har vore relativt lite tilgjengeleg for andre en orienteringsløparar, augnestikkarar og sporadiske turgåarar.

Det er no politikarane må leggja hendene på rattet og styra Os mot det me ønskjer Os skal bli. Utbyggjinga i og rundt Endalausmarka er ikkje berre Lyseparken, som me har høyd snakk om i over 10 år alt. Det er heile området rundt – eg vi seia heile Os kommune. Mange initativ er alt i gang. «Liv på Øyro», utbyggjinga i og rundt Hjellemarka på Søfteland, Bjånesutbygginga, ny skule austom elvo, ny veg frå Lysekloster og anna. Har nokon tenkt nøye gjennom heilskapen i dette? Eg har i friskt minne noko plansjefen i Os peika på i eit folkemøte sist vår. Os kommune har regulert nok areal for både næring og bustadar, men ein bør sjå på prioritering og rekkjefølgje, og styra utviklinga.

Når rådmannen i samband med budsjettet i haust etterlyser framdrift og meir konkrete planar for utviklinga av Lyseparken (kommunen har tilsett eigen utviklingsdirektør for dette), kan ein undrast. Dette arbeidet har pågått sidan 2012. I ein artikkel i lokalmedia rett før jul dreg utviklingsdirektør Seliussen, som også er prosjektleiar for «Liv på Øyro», opp nokre linjer for arbeidet og viser til at konkrete planar skal vera ferdige i 2017. Tidlegare (2012) har ordføraren også uttala seg om korleis ein ser for seg Lyseparken som ein del av utviklinga av Os. Skal folk flest og politikarane kunna gje gode innspel til og påvirka dette arbeidet, må overordna planar og skisser opp på bordet snarast. Dei må gjerast tilgjengeleg for diskusjon, ikkje kun Lyseparken, men også korleis ein ser for seg heilskapen.

Eg tek for gitt at dei som over lengre tid har delteke i prosjektgrupper og arbeid med dette har tenkt nøye gjennom tinga, og at dei vil ha gode alternativ og forslag å leggja på bordet. For folk flest i Os trur eg det har vore/er vanskeleg å sjå kva som kjem. Det er viktig å få eit godt ordskifte om kva Os skal bli.

Kva rolle skal Osøyro spela? – Kva med Fåten og Kolskogen/Kuven? – Er utbyggjing av Bjåneshalvøya det som no bør prioriterast? – Kva med tilknytning av både Lysekloster og Søfteland til vegstymet i Endalausmarka? – Korleis kan ein best leggja til rette for eit miljøvenleg bustad og arbeidsmiljø? – og mange andre spørsmål det heilt sikkert er meiningar om blant folk.

Inviter oss med. Me er klare til å vera med og skapa framtidas Os.

Sveinung Stensletten
Søftelending og leiar i Os Venstre

Innlegget ble først publisert på Midtsiden.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**