Stor takk til Marit Barsnes Krogsæter

Foto: Halvor Halvorsen

Marit Barsnes Krogsæter var gjest under årsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre. Ho mottok stor takk for sitt gode arbeid som fylkestingpolitikar og gruppeleiar for Sogn og Fjordane Venstre i to periodar, frå 2007-2015. – Det er ein imponerande innsats Marit har gjort for partiet og fylket. Ho har ein kapasistet og kunnskap som vi alle har fått nytt godt av, seier Gunhild Berge Stang som har teke over etter Marit. Marit var i tillegg fylkesleiar frå 2010 til 2014.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Noko som også må nemnast er at Marit ikkje har sertifikat, så til alle møta og har ho reist kollektivt. Marit fekk overrekt blomster og strikkebolle i gåve frå fylkespartiet. – Eg har strikka mykje desse åra når eg har reist med buss eller båt, men strikketøyet vert ikkje lagt vekk så strikkebollen kjem godt med, takkar Marit.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**