Torunn Sandvand gjenvalt i Agder Venstre

Foto: Jan Kløvstad
Torunn Sandvand, Jacob Haugmoen Handegard og Sara Sægrov Ruud
Torunn Sandvand, Jacob Haugmoen Handegard og Sara Sægrov Ruud

Torunn Sandvand, Kristiansand, blei gjenvalt som leiar i Agder Venstre på årsmøtet i helga. Også nestleiar Sara Sægrov Ruud, Risør, blei gjenvalt, og Jacob Haugmoen Handegard, Kristiansand er ny som 2. nestleiar.
Fylkestingsmedlem Stein Inge Dahn blei gjenvalt, mens formannskapsmedlemene Ole Morten Vegusdal frå Birkenes og Hans Olav Omnes frå Valle blei nye styremedlemer saman med Sissel Nytun frå Grimstad. Den nyvalte lokallagsleiaren Tone Vareberg i Lillesand blei valt som første varamedlem til styret. I tillegg har Venstrekvinnelaget utnemnt Birgitte Kleivset som styremedlem og Unge Venstre har utnevnt Jon Henrik Sverdrup Lund.

 

Heile protokollen frå det godt besøkte fylkesårsmøtet i Kristiansand i helga er her:2016-02-13 Protokoll for årsmøtet 2016 i Agder Venstre

 

Også Aust-Agder Venstre 2016-02-13 Protokoll årsmøte i Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre 2016-02-13 Protokoll årsmøtet i Vest-Agder Venstre 2016hadde årsmøte i helga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**