Sogn og Fjordane Venstre satsar på lærlingar

Sfj Venstre

For Sogn og Fjordane Venstre er ei satsing på ungdom synonymt med å satse på framtida. Stadig fleire ungdommar som i dag går yrkesfag ved vidaregåande skule, kjem seg ikkje ut i lære. Sogn og Fjordane Venstre ser på det som høgst problematisk at denne ungdommen ikkje får høve til å ta fagbrev.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Å sikre ei trygg framtid for ungdom som ønskjer å ta fagbrev er noko av det viktigaste vi kan gjere innanfor skulepolitikken i fylket. Etter at skuleåret 2014/2015 var over, stod fleire ungdommar att utan lærlingplass, og 47 elevar stod utan skuletilbod 3.august, berre dagar før skulane skulle starte opp att etter sumaren.

Sogn og Fjordane Venstre meiner fylket sløsar med ressursar når dei lar mange elevar gå ei usikker framtid i møte. Det vil vere viktig å sørgje for at ungdommen kjem ut i arbeidslivet og får høve til å oppnå fagbrev. Ved at regjeringa går inn for ei fjerning av arbeidsgjevaravgifta for lærlingar kan vi betre sjansane for at verksemda tek inn lærlingar i større grad enn i dag.

Sogn og Fjordane Venstre vil også gå inn for å få til ei lærlingkontakt mellom skule, elev og næringsliv. Lærlingkontakta kan bidra med spesifikk oppfølging av lærlingar og ikkje minst halde ein tett dialog med lokalt næringsliv. I Stryn har ein valt å satse på å ha ei lærlingkontakt som er finansiert i ei 50% stilling frå det private næringslivet i Stryn kommune. Stryn var ein av skulane som ikkje stod att med lærlingar då ein byrja det nye skuleåret. Denne typen tiltak fungerer, og vi i Venstre ønskjer å få på plass ein dialog med lokale bidragsytarar, som kan vere med å sørgje for at fleire skular kan få ei slik ordning.

 
Fråsegn vedtatt på Sogn og Fjordane Venstre sitt fylkesårsmøte.
Sundag 7. februar 2016.

 

Kontaktperson: Daniel Gangeskar, tlf. 469 45 140

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**