Lokale klimamål

Sfj Venstre

Sogn og Fjordane Venstre meiner at det er på tide at fylke og kommunar set seg lokale klimamål for å følgje opp avtala som vart underteikna av nærare 200 land i Paris i desember 2015. Venstre meiner dette er avgjerande dersom nasjonen skal nå sine klimamål. Det må det tenkjast klima og miljø på alle nivå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ved framtidige rulleringar av Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt Handlingsprogram for klima og miljø må det settast så konkrete og målbare klimamål for den fylkeskommunale drifta som mogleg. Innbyggjarane må stimulerast til å tenkje klima og miljø i sin daglege aktivitet. Slike målbare tiltak kan vere å kartlegge bruk av energi, transport og avfallshandtering. Ved bruk av tekniske hjelpemiddel kan ein registrere og deretter kunne redusere og/ eller effektivisere forbruk. Strategien må innehalde element som gjer at ein kan føre rekneskap på om ein har redusert klimautsleppa.

Av andre målbare tiltak kan vi nemne:

  • Reduksjon i bruk av fossil brensel og drivstoff.
  • Redusert energiforbruk som konsekvens av bygningsmessige tiltak.
  • Tiltak for binding av Co2
  • Del av avfall som går til gjenvinning.

 

Venstre meiner økonomiske insentiv er viktig. Tilskot eller reduksjon i avgifter for husstandar og bedrifter som kan dokumentere nådde klimamål, kan være slike verkemiddel. Tildeling av stønad frå næringsfond eller liknande bør fokusere på å sette krav om og prioritere prosjekt som har god klima -og miljøprofil. Fylkeskommunen må gå føre som eit godt førebilete med tiltak i eiga drift. Det må være eit mål at Sogn og fjordane fylkeskommune vert sertifisert som Miljøfyrtårn e.l. innan utgangen av noverande fylkestingperiode.

Det er komande generasjonar som må leve med dei klima -og miljø utfordringane som vi ser vil kome. Det er naturleg at ein planlegg tiltak saman med dei, og involverer flest mogeleg i prosessen for at dei skal ha eigarskap i satsinga. Alle skulane i fylket, saman med den nye klima -og miljøsatsinga til Firda VGS, bør vere naturleg samarbeidspartar i dette arbeidet.

Fråsegna vart vedtatt av fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre 7. februar 2016

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**