Kystvegen mellom Ålesund og Bergen skal primært vere eit internt samband i ein særleg ressursrik og produktiv kystregion, men den skal også skape eit større bu- og arbeidsmarknadsområde, effektivisere transport og samferdsle, samt gje ei god tilknyting til hamner og sjøtransport.
Næringslivet i kystregionen produserer store verdiar og har gode føresetnader for å utvikle seg vidare. God infrastruktur er viktig for at verksemder skal kunne investere, og for at ungdom skal satse på ei framtid her.
Kystvegen mellom Ålesund og Bergen består av fleire enkeltprosjekt som er på ulike stadium. Det handlar om å utbetre eksisterande vegar, korte inn omvegar og supplere der veg manglar i dag.
Sogn og Fjordane Venstre ber om at det blir arbeidd vidare med ein kystveg mellom Ålesund og Bergen som får status som riksveg og blir finansiert med statlege midlar for planlegging og utbygging i NTP 2018-2029.
Ei satsing på Kystvegen mellom Ålesund og Bergen må ikkje gå på bekosting av framdrifta for vidare utbygging og utbetring av E39 gjennom Sogn og Fjordane, som del av dei samla planane for utbygging av ferjefri E39 på Vestlandet som den felles topp-prioriterte vegsaka for Vestlandsfylka.