Uttalelse fra Telemark Venstres årsmøte 13.02.2016:
E134 med arm til Bergen
Telemark Venstre støttar konklusjonane til Statens vegvesen i utgreiinga av aust-vest-sambandet, og er glad for at regjeringa har gjort vedtak om at E134 skal vere ein av desse hovudvegane. Vi støtter at KVU Gvammen-Vågsli er sett i gang, og at resultatet vil bli lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2018-29.
Telemark Venstre vil peike på at «arm til Bergen» frå E134 er ei sak av nasjonal betydning. Vi ber derfor om at også KVU Grostøl-Bergen blir sett i gang så snart som råd. Tilleggsinformasjon for E134-Bergen må avklarast på same måte som for KVU Gol-Voss før avgjerd om RV52 eller RV7 blir tatt.
Telemark Venstre føreset at regjeringa sitt vedtak betyr full utbygging av E134 til ein standard som samsvarar med forventa trafikkutvikling og krav til regularitet og vintersikkerhet.