Busetting av flyktningar i kommunane

Bilde: www.fn.no
Uttalelse fra Telemark Venstres årsmøte 13.02.2016:

Busetting av flyktningar i kommunane

Sjølv om kommunane har vedtatt å busette fleire flyktningar enn før, meiner Telemark Venstre at det er på tide å vurdere om regionar, fylke eller kommunar må bli pålagt å busette sin del av flyktningar bestemt etter innbyggartal.

Telemark Venstre meiner den store auka i talet på flyktningar og asylsøkarar gjer det nødvendig å tenke nytt og meir fleksibelt. Vi må få til ei raskare og meir effektiv busetting og integrering i kommunane. Dette gjeld særleg mindreårige, einslege asylsøkarar som er dei som stiller svakast.

Hittil har busetting av flyktningar vore avhengig av eit frivillig vedtak om busetting i kommunane. Dagens ordning med frivilligheit har gjort at flyktningar som har fått opphald i Noreg, er blitt sittande i månader og år og vente på å få tildelt ein kommune. Dette kan skape store traumer og psykiske belastningar for dei det gjeld, og det gjer integreringa i lokalsamfunnet vanskelegare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**