Venstre vil slå saman Hordaland, Sogn og Fjordane til eitt fylke!

Fotograf Vidar Helle

Venstre ønskjer framleis eit sterkt folkevald nivå mellom stat og kommune, men meiner at dagens fylkeskommune vil ha vanskar med å fylle denne rolla i tida som kjem. For at eit regionalt forvaltningsnivå skal oppretthaldast er det naudsynt at det får tilført oppgåver frå staten, samtidig som det framleis har eit betydeleg ansvar for vegar, vidaregåande skule, kultur og næringsutvikling. Venstre er difor positive til ein regionreform, og meiner at dette best kan sikrast gjennom å slå saman fylka i større regionar, mellom anna ein eigen Vestlandsregion. For å gjere dette til ein realitet ønskjer Sogn og Fjordane Venstre å slå saman fylka Hordaland og Sogn og Fjordane til eit sterkt Vestlandsfylke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Pr. i dag har Sogn og Fjordane for få innbyggjarar til å kunne vere eit effektivt forvaltningsorgan kva gjeld veg og næringsutvikling, medan Hordaland er for dominert av Bergensregionen. Ei samanslåing vil dermed vere til beste for begge fylka. Samstundes er det sjølvsagt naudsynt at også andre kommunar i Vestlandsfylket skal sikrast administrative oppgåver og arbeidsplassar.

 

Gjennom Hordalandsavtalen har allereie fylket eit visst samarbeid om vidaregåande skule, men dette vil fungere betre for elevane om heile regionen er ein inntaksregion. Elevar i t.d. Gulen og Solund må kunne gå på skule i Austrheim og elevar i Høyanger og Vik på Voss, men samstundes må også elevar i Nordhordland og Voss/Indre Hardanger kunne velje skule i Sogn.

 

På samferdsleområdet vil også ei samanslåing og eit tettare samarbeid i området vere ein fordel for vidare utvikling av E39, samt ein framtidig Kystveg Bergen-Ålesund.

 

Sogn og Fjordane Venstre vil difor be fylkespolitikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane om å ta eit initiativ for tettare samarbeid mellom fylka, med fokus på ei framtidig mogleg samanslåing. Om det er mogleg ønskjer Venstre også å få med Rogaland og Møre og Romsdal, eller delar av desse, i å utgreie eit sterkt Vestlandsfylke.

 

Fråsegna vart vedtatt av fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre 6. februar 2016

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**